– Ein seier at «Endurance» er verdas mest kjente skip etter Titanic, seier konservator Dag Ingemar Børresen ved Vestfoldmuseene til NRK.
Namnet «Endurance» tyder «å halda ut».
Etter fleire år med prøving og feiling, vart endeleg skipet funne på 3000 meters djup i Weddellhavet i Antarktis, skriv BBC. Skipet står på botnen og er ifølgje forskarane i ganske god stand etter 107 år under isen.
Bygd i Noreg
«Endurance» vart funne av ei gruppe forskarar med hjelp av små ubåtar. Det vart funne på same dag nøyaktig 100 år etter at Shackleton vart gravlagt.
Då Roald Amundsen kom Sørpolen i 1911, meinte Shackleton at kryssinga av heile kontinentet var den siste store utfordringa i Antarktis. Men, Shackleton sin ekspedisjonen vart mislykka då skipet sokk i 1915. Både Shackleton og mannskapet overlevde.
Saka held fram under bilete.
Skipet vart bygd på Framnes Mekaniske verkstad i Sandefjord og fekk namnet Polaris. Ifølgje Børresen skulle det bli brukt som eit turistskip.
– Ein skulle frakta rike europeiske turistar til isområda for troféjakt der ein kunne skyta sel og isbjørn, seier han til NRK.
Dette prosjektet vart det ikkje noko av, og skipet vart seld til Ernest Shackleton.
Det umoglege var mogleg
Sjefen for forskarane som har søkt etter skipet, Dr. John Shears, seier at han fekk hakeslepp då kameraa fann «Endurance».
– Me har lykkast med dei mest vanskelege søka i verda etter eit skipsvrak, der me har kjempa mot skiftande sjøis, snøstormar og temperaturar ned mot -18 grader celsius. Me har klart det mange har sagt er umogleg, seier han til BBC.