FNs miljøforsamling har bestemt seg for å laga ein ny avtale om korleis me skal stoppa plastforureining. Det var Peru og Rwanda, med hjelp frå andre land, som ønskte å laga ei ny lov mot plastforureining, skriv Ung.Forskning.no.
Men kva skal landa som blir med i avtalen gjera?
- Dei må lova å bruka mindre engangsplast.
- Dei må sørga for at den plasten som blir brukt kan resirkulerast og brukast på nytt.
- Dei må ordna gode måtar å samla inn plast på.
Plast er slitesterkt, og det tar fleire hundre år før det blir brote ned i naturen. Når det til slutt skjer, blir den til mindre bitar. Dei gøymer seg i lufta vi pustar i, i vatnet vi drikk og i maten me et.
– Dette er ein historisk augneblink, seier Inger Andersen, direktør for FNs miljøforsamling, til avisa Reuters.
No startar jobben
Avtalen er hittil eit forslag. No startar jobben med å laga den ferdige avtalen som skal gjelda for alle land verda.
FN håper at avtalen skal vera klar innan tre år.