Kva er klimatoppmøtet?
- FNs klimatoppmøte har vore arrangert sidan 1995. Det er eit årleg klimamøte der 190 land samlar seg for å finna løysningar på verdas klimaproblem.
- Møtet blir kalla COP, som står for «Conference of the Parties» / «landa sin konferanse».
- FNs klimakonferanse i 2021 er den 26 konferansen i rekkja. Derfor blir den kalla COP26.
Kjelde: Miljøagentene
– På møtet i november skal alle land skal legga fram mål om å kutta endå meir utslepp enn dei lova i Paris for seks år sidan, seier forskar Borgar Aamaas.
Han fortel at det framleis er mange land som ikkje har gjort det.
– I tillegg har fleire rike land lova store pengesummar til fattige land, som hjelp til klimaarbeidet. Ikkje alle pengane har blitt gitt, og no vil det komma krav om at pengane faktisk kjem fram, seier han.
Forskaren fortel at å arrangera eit slikt møte midt i ein pandemi, kjem til å bli vanskeleg. Men det er også klimaproblem – i ei slik grad at det er vanskeleg å stoppa utviklinga.
Les også: Ane (13) vil kjempa for barna på klimatoppmøtet
Fordelar og ulemper ved klimatiltak
– Dette er ikkje lett. Hadde det vore lett, hadde dei vaksne løyst dette for lenge sidan.
Samfunnet vårt er heilt avhengig av fordelane karbon gir oss, og det er vanskeleg å få til gode alternativ. Dessutan er det mange gode motargument, fortel han.
– Til dømes er det vanskeleg å kutta norsk oljeproduksjon. Dette har gitt oss svært mange arbeidsplassar og enorme inntekter. Me vil totalt sett ha ein fordel av å kutta utslepp, men som regel er det nokon som vil tapa på det.
Dette er Parisavtalen
- Alle land er forplikta til å kutta klimautslepp
- Det skal ikkje bli meir enn 2 grader varmare, helst ikkje meir enn 1,5
- Alle land har ein plan om korleis dei skal greia dette
- Dei rike landa skal bidra med pengar for å hjelpa dei fattige landa å kutta utslepp
- Alle land må tilpassa seg klimaendringane
Kjelde: FN