Fram til no har me vist at vikingane kunne segla langt med dei store vikingskipa sine. Me veit også at dei reiste over Atlanterhavet før den kjende erobraren Christoffer Columbus.
Så langt har det ikkje vore kjent når dei faktisk gjekk i land og busette seg – men no har forskarane funne svar!
Den nye studien er publisert i tidsskriftet Nature.
Les også: Dei norrøne gudane
Solstorm og treringar
Forskarane som jobba med prosjektet, analyserte tre trestykke som hadde vore brukt til å byggja ein bustad i Newfoundland, Canada, for lenge sidan. Spesielt tok dei for seg treringane på trestykka.
Treringar er markeringar inne i treet som viser kor gammalt treet faktisk er. Dei kan også gi bevis på det som har skjedd i løpet av livet til treet, skriv BBC.
I år 992 var det ein solstorm på sola som førte til at det vart sendt kosmiske strålar mot jorda. Trea på jorda absorberte strålane – og ved å bruka solstormen som referansepunkt, klarte forskarane å finna fram til det nøyaktige året trea vart hogga ned. Året var i 1021.
Vikingane var i Canada i 1021
– Å finna desse bevisa gjer det mogleg for oss å konkludera med at aktiviteten i Canada fann stad i år 1021, seier Dr. Margot Kuitems til NBC.
Ho er ein av forskarane som har jobba med prosjektet. Kor mange turar vikingane tok over Atlanteren, er derimot vanskeleg å seia noko om. Det er også vanskeleg å seia noko om kor lenge dei vart verande, før dei returnerte heim.
Om år 1021 var starten eller slutten av opphaldet til vikingane i Newfoundland, Canada – det veit ikkje forskarane enda. Likevel kan dei rimeleg sikkert seia sikkert at dei var det nettopp dette året.