Dei norrøne gudane

Her får du ei kort oversikt over nokre av dei norrøne gudane. Her er også lenker til meir vikingstoff.

Odin: guden for krig, trolldom, visdom og dikting. Odin var far til mange gudar, og ofra eine auget sitt for å få drikka av kunnskapens brønn.

Odin (Illustrasjon: Victor Villalobos, CC-lisens)

Tor: son til Odin og guden for styrke, torden, krig, grøde og vêret. Tor hadde ei vogn som dei to bukkane Tanngnjost og Tanngrisne drog. Hammaren hans heitte Mjølne.

Tor med hammaren (Bilde: Mårten Eskil Winge)

Frigg: kona til Odin og guden for ekteskap, kjærleik, skjebne, fødsel, heim og familie.

Frigg (Illustrasjon: John Charles Dollman)

Brage: son til Odin og guden for dikting og skaldekunst.

Brage (Illustrasjon: Carl Wahlbom)

Idun: kona til Brage og gudinne for kjærleik, og har ansvaret for epla som sikrar æsene evig ungdom. På bildet her er ho saman med luringen Loke. 

Loke: er ein luringgud, og har lurt dei andre gudane fleire gonger. Men han har òg hjelpt dei nokre gonger. Han er kjent for å ha laga det første fiskegarnet.

Idun og Loke (Illustrasjon: Johan Bauer)

Heimdall: er son av ni mødrer. Vaktaren av Bifrost, regnbuebrua mellom Åsgard og Midgard, som er den viktigaste vegen inn i riket til æsene. På bildet ser du han koma tilbake med eit smykke til Frøya.

Frøya: gudinne for kjærleik, fruktbarheit og magi.

Heimdal (Bilde: Nils Johan Olsson Blommér)