– Det er kjempedumt at så mange born i verda framleis er på heimeskule. Dei mistar mykje av undervisninga og det sosiale. Foreldra er kanskje opptatt med heimekontor, og kan ikkje hjelpa med oppgåvene slik som lærarane gjer på skulen. Eg trur at dette kan føra til at mange blir deprimert og veldig lei.
Det seier Frida Eik Sætren (13) som er elevrådsleiar ved Stangeland skole i Sandnes. Ho er bekymra for kva heimeskule gjer med born og unge.
– Det kan vera at elevane er heima med foreldre som kanskje ikkje gjer snille ting, seier ho.
Les også: Korona har ført til læringskrise i heile verda
Skule er eit lyspunkt i kvardagen
– Born treng å gå på skulen, det er eit lyspunkt i kvardagen. Me får vera med vennene våre, og det er viktig for utdanninga vår at me lærer det me skal på barne- og ungdomsskulen.
I fem veker i fjor var skulen til Frida stengd. Det freistar ikkje til gjentaking. Ho forstår at det kunne gå ut over motivasjonen, konsentrasjonen og psyken til fleire born.
– Sjølv om skule kan verka kjedeleg, er det kjempeviktig, seier ho.
Større forskjellar
Elevrådsleiaren trur at heimeskule kan gi fleire skilnader. Det er lett å falle av om ein står fast på ei oppgåve og vanskeleg å spørja om hjelp via ein skjerm.
– Me lærer meir, det er lettare å få hjelp og du plukkar opp meir på den fysiske skulen.
Ho trur også at lærarane får problem med å sjå kven som trenge hjelp, når læraren ikkje ser eleven fysisk.
– Det var nokre veldig spesielle tider. No er eg veldig glad for at me har fått koma tilbake på skulen, slik håpar eg at det held fram.