Korona har ført til læringskrise i heile verda

168 tomme skulepultar. 168 ubrukte ranslar. 168 millionar born utan skule i nesten eit heilt år. UNICEF ber verdsleiarane gjera alt dei kan for å halda skulane opne.

– Klasserommet er der for å gi ein tydeleg beskjed til alle regjeringane i verda om at me må prioritera gjenopning av skular. Når dei opnar må dei vera betre enn før, slik at dei kan møta utfordringane som korona har skapt, skriv Kristin Oudmayer i ein e-post til Framtida Junior.

Ho er direktør for born sine rettar og bærekraft i UNICEF, som har laga eit «klasserom» med 168 tomme pultar utanfor FN i New York. Kvar pult viser ein million born som lever i land der skulane har vore meir eller mindre stengt i eit heilt år.

Direktør for born sine rettar og berekraft i UNICEF Noreg, Kristin Oudmayer. Foto: UNICEF

Manglar verktøy for heimeskule

Dei fleste landa i verda har hatt større problem enn i Noreg.

– Det er særleg 14 land som er hardt ramma. Panama, El Salvador, Bangladesh og Bolivia halde skulane heilt stengd mesteparten av det siste året.

Her har dei ikkje dei same teknologiske moglegheitene som born i Noreg, og UNICEF er bekymra for korleis digital skule kan gi auka skilnader.

– Det er heilt avgjerande at alle barn, uansett kvar dei er, har tilgang til dei verktøya dei treng for å ha heimeskule.

Les også: Elevrådsleiaren: – Sjølv om skule kan verka kjedeleg, er det kjempeviktig

Fråtatt moglegheita til ei framtid

– Kvar einaste dag som går utan at born har tilgang til å til å treffa trygge vaksne og jamaldra fysisk, er kritisk, seier Oudmayer.

Spesielt er det kristisk for dei aller mest sårbare borna.

– Det ein risiko for at dei aldri vil returnera til klasserommet, og ein stor fare for at dei kan bli tvinga ut i barnearbeid eller barneekteskap. Desse barna blir fråtatt moglegheita til ei framtid, og det kan ikkje verda akseptera, seier ho.