– Barn vil bli samarbeidde med, ikkje hjelpte av ekspertar

Arbeidet er i gong med å forandre norsk barnevern. Då er det viktig at ein lyttar til barn sin kunnskap om kva som fungerer og ikkje.

Dette meiner barn om barnevernsreformen

Barnevernsreformen i 2022 skal gje kommunene meir ansvar for barnevernet, og sørgje for at ein oppdagar dei som treng hjelp tidlegare. 

Forandringsfabrikken har gjort undersøkingar med til saman 1700 barn som har vore i barnevernssystemet, her er noko av det viktigaste dei meiner om reformen. 

1: Bra med meir ansvar til kommunene. Det gjer at dei som kjenner barna best kan vere med på å bestemme meir av korleis hjelp barna skal få.

2: Bra at ein vil hjelpe barn tidleg, men ver varsam. Barna må få informasjon og avtalast med, og alle avgjerder må takast saman med dei.

3: Bra med moglegheit for bedre fosterheimar. Kommunen kan spørje barna kva slags fosterheimar dei vil ha. Barn ønskjer at fosterheimar skal vere mest mogleg som ein vanleg heim.

 4: Bra at ein kan få tiltak som passar kvart enkelt barn. Men barn må få velje sjølv om dei vil ha tiltaka eller ikkje.

LES FAKTALUKK FAKTA

Mathilde (18) og Michelle (21) er to av fleire hundre barnevernsproffar rundt om i Noreg. Dei er sjølve barnevernsbarn, og vert kalla “proffar” fordi dei er proffe på systemet dei er inne i. Dei har kunnskap det er viktig å lytte til. 

– Barn sine erfaringar og råd om korleis barnevernet skal vere må vere grunnlaget heile barnevernssystemet vert bygd opp rundt, seier dei.

Ikkje lytt berre til vaksne

Gjennom stiftinga Forandringsfabrikken arbeider Mathilde og Michelle for å forandre barnevernet til det betre.

I saker som omhandlar barnevernet er det ofte dei vaksne som blir lytta til. Proffane på Forandringsfabrikken er heller opptekne av å lyfte fram korleis barn opplever møtet med barnevernet. 

– Eg er glad for at barnevernet var der, men dei mangla kunnskap om korleis dei skulle møte meg. Det var dei vaksne som vart lytta til, meir enn meg, som jo var den som skulle vernast, seier Michelle.

Saka held fram under biletet.

Proffane i Forandringsfabrikken gir råd til Noreg om korleis skule, psykisk helse og barnevern kan bli best mogleg. Her er nokre av dei 300 som er aktive no, deriblant Mathilde og Michelle.

Tre av fire fortel ikkje det viktigaste

I ei undersøking Forandringsfabrikken har gjort, der 110 barn i alderen 6 – 12 år har delteke, kjem det fram at tre av fire av barna ikkje hadde fortalt det viktigaste dei ville fortalt til barnevernet. Dei sa dei opplevde barnevernet som for utrygt til å fortelje dette.

– Det er heilt avgjerande at ein får barn til å kjenne seg trygge. Elles vil ein ikkje få høyre det viktigaste barnet har å fortelje, seier Michelle.

Reform av barnevernet

I 2022 skal det skje ein reform av norsk barnevern. Då skal kommunene få meir ansvar, og gjere ein ekstra innsats for å oppdage dei som treng hjelp frå barnevernet tidleg. 

Mathilde og Michelle har tru på reformen.

– At kommunane får eit større ansvar er bedre for barn, fordi dei som arbeider i barnevernet kjem tettare på, og nærare dei andre personane barn er i kontakt med, seier Mathilde.

– Det er også mindre sjanse for at avgjerder om barna vert tekne av nokon som ikkje kjenner dei, legg Michelle til.

Ikkje meir ekspertar

Nokre er også opptekne av at dei som jobbar i barnevernet må ta meir utdanning. Det er ikkje barna i undersøkingane til Forandringsfabrikken så opptekne av. 

Heller enn ekspertkunnskap vil dei at dei vaksne i barnevernet skal lære av barn, og forstå korleis dei treng å bli møtt. Michelle og Mathilde er redde for at meir utdanning kan gjere at barnevernsarbeidarane får enda meir fokus på å vere ekspertane i barn sine liv.

– Når det er sånn kan dei ikkje hjelpe barn, seier dei.

– Barn vil bli samarbeidd med, ikke hjelpte av ekspertar.