SJÅ VIDEO: Laga mat med larvar på skulekjøkenet

For å gjere matproduksjonen meir berekraftig, foreslår FN at vi skal byte ut kjøt med insekt og larvar. Framtida junior var med Josefine, Gaute, Elias og Jakob på skulekjøkenet for å teste kokkelering med larvar.

SJÅ VIDEO NEDST I SAKA.

MJØLMUMS: Larvar frå Larveriet på Voss står på menyen når elevane på Vollebekk skole skal lage polarbrød og omelett. (Foto: Christian/Framtida junior)

Insekt og larvar inneheld mykje protein, og kan erstatte proteinet vi får gjennom kjøt. Ifølgje FN treng larvar seks gongar så lite vatn, areal og fôr i forhold til produksjon av storfe. Derfor er insekt og larvar mykje meir berekraftig.

– Først tenkte eg vi skulle bruke hanskar og plukke dei. Drepe og steike dei, og så ete dei, seier Josefine då ho får sjå Mjølmums-pakken med larvar. 

Larvane «Mjølmums» er produsert på Larveriet i Voss i Noreg, og kan etast rett frå pakken, eller brukast som topping. 

På menyen står omelett og polarbrød – med larvar. Dei er alle litt skeptiske til dagens måltid.

LARVEBRØD: Elias eltar inn larvane i polarbrødet. (Foto: Christian/Framtida junior)

Smarkar litt som potetgull

På pakken står det at larvane har ein nøtteaktiv smak med ein sprø tekstur. Før dei drysser larvane over maten må dei smake på dei. Dei får kvar sin larve i handa.

– Det ser i alle fall ikkje noko godt ut, konstanterer Elias.

Både Josefine og Gaute synest larvane er veldig tynne.

Dei legg larvane inn på tunga. Ingen seier noko. Vi høyrer litt knasing når larven blir knust mellom tennene.

– Det kan kanskje minne litt om potetgull. Det knasa litt i munnen, men det smakte ikkje noko spesielt, seier Elias.

– Det smakar ikkje så veldig mykje då. Så, eg er spent på korleis det smakar i omeletten. Om det er forskjell. Eg er ikkje skuffa over korleis det smakar, for det smakar ikkje ille, seier Jakob.

– Dei minner meg om peanøtter. Dei er ikkje så verst. Det smakar jo ikkje ekkelt, seier Josefine. 

SPENTE: Josefine og Gaute er spente på korleis det smakar. (Foto: Christian/Framtida junior)

Var det som forventa?

Når maten er ferdig og satt på bordet ligg larveomeletten klar. Larvane er godt synlege. Polarbrøda har larvar som er delvis skjulte i brødet.

– Eg trudde eg skulle spy, eg, så eg var førebudd på at eg skulle ha ei bøtte ved sidan av meg når eg skulle ete. Så eg vart overraska over at det ikkje smakte noko. Så det var bra eigentleg – for meg og bøtta si skuld seier Gaute

Frå ein skala frå ein til ti gir Elias larvane ein sjuar.

Josefine gir også ein sjuar. – Det var litt tørt, men også godt, seier ho.