Håpar å ha 100 millionar larvar

Larveriet på Voss har fleire millionar larvar som skal verte menneskemat.

Alexander Solstad Ringheim, Daglegleiar, Invertapro

– Av alle dei hundrevis av tinga vi har prøvd til no, så var morta larvar i bønnestuing til taco det absolutt beste. Det var skikkeleg godt! fortel Alexander Solstad Ringheim.

Han er dagleg leiar i Larveriet, ei bedrift som lagar menneskemat og dyrefôr av larvar.

Til no sel dei tørka larvar som ein kan ete som snacks, eit brød med larvar og eit larvepulver ein kan ha oppi maten.

100 millionar larvar

Då Larveriet starta for fire år sidan hadde dei 5000 larvar. No har dei  10 millionar, og i løpet av året håpar dei å ha heile 100 millionar larvar.

Ei ho-bille legg i snitt kring 300 egg, og det tek berre åtte veker frå dei små, neste usynlege egga, vert til store larvar. Medan dei veks bur larvane tett saman i boksar, der dei har mykje mat.

 

Ei oppleving å ete larvar                 

Ringheim fortel at då Larveriet først byrja lage larveprodukt så var dei litt usikre på om nordmenn kom til å like det, men at mange i andre land har ete larvar i fleire år.

– Men no har vi møtt veldig mykje folk, og stort sett vert dei gira eller så skjønar i det minste kvifor vi driv på med dette.

Han fortel at det er få som både synest larvar er ekkelt, og som heller ikkje forstår kvifor det er klimavenleg.

Larvar treng nemleg mindre fôr, vatn og plass enn storfe. I tillegg et dei «søppel» som vi elles hadde kasta.

– Eg trur det er veldig viktig at vi har fleire berekraftige typar mat vi kan ete, seier Ringheim.

Han trur vi i framtida kjem til å ete mest insekt som er kverna til pulver, men at det også er bra med heile larvar, slik at det er spennande å vise dei fram til familie og vennar:

– Chili-larvar skal vere litt skumle – du skal sjå kva det er, og det kan vere ei barriere å prøve dei. Det skal vere ei oppleving, forklarar Ringheim.

MJØLMUMS: Larvar frå Larveriet på Voss (Foto: Christian/Framtida junior)