– Jentene si stemme søkk med ei og ei halv tone. Til samanlikning søkk gutane si stemme ein heil oktav, seier musikklektor Runa Hestad Jenssen i ein artikkel på Forsking.no.
Saka er produsert og finansiert av Nord universitet, der Hestad Jenssen jobbar ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag.
Musikklektoren er tilknytta eit doktorgradsprogram ved NTNU som forskar på sangundervisning med jenter i stemmeskiftet.
Sjølvtillitsknekk
Ifølgje Hestad Jenssen er det lite kunnskap om jentene sitt stemmeskifte og opplevinga av det blant både songarar, dirigentar, lærarar og jentene sjølv.
Éi kvalitativ undersøking av amerikanske korjenter viser at jentene i likheit med gutane opplever å mista kontroll over stemma, noko som kan gå på sjølvtilliten laus.
På same måte som med gutane skjer endringa i samband med puberteten, men det er ikkje like like lett å høyra hos jentene.
– Hormon gjer at stemma endrar seg, instrumentet veks, og stemma blir på eit vis djupare og rikare. Karakteristiske symptom for endringa er at ein blir sår i stemma, får mindre fleksibilitet, tydelege registerbrot, luftigheit og at ein kan oppleve å miste krafta i stemma, seier Hestad Jenssen.
- Les meir om puberteten: Når hormona tek styringa
– Det er på tide at me lyttar
Musikklektoren meiner auka kunnskap og tilrettelegging er viktig for at jenter skal halda fram å synga gjennom tenåra og oppleva glede og meistring.
– Det er på tide at me lyttar til jenter sine stemmer. Kunnskap om og bevisstheit rundt stemmeskiftet bør få konsekvensar for val av repertoar, tekniske øvingar, men også for korleis vi oppfattar og vel å arbeida med den unge jentestemma i endring.
Les også: Song ut for song i skulen framfor Stortinget