Helikopterduene med supersyn

På slutten av 70-talet i USA blei det plassert duer i små sofaer under helikopter. Jobben deira var å sjå etter sakna menneske i sjøen.

Kanskje var dei halvt redde og halvt komfortable, duene som hang under helikopter stroppa fast på ein spesiallaga minisofa. Eksperimentet blei gjort i 1976, og etter nokre treningsrundar fann forskarane ut noko sensasjonelt om duene. Dei hadde «supersyn».

Duer i hardtrening

Då forskarane forsto dette, la dei duene i hardtrening. Dei blei plasserte i eit slags treningskammer der dei kunne hakke på ein knapp som gav dei mat når han blei hakka på. Då duene forstod opplegget, tok forskarane fuglane med på den første flyturen deira – den første flyturen i eit helikopter i alle fall.

Turen gjekk til Kanehoe Bay i Hawaii der ein trenar låg i vatnet og venta på dei. Trenaren i vatnet viste fram ei oransje plate, og då fekk duene mat dersom dei hakka på knappen. Duene fekk ikkje mat dersom dei hakka på knappen utan at den oransje plata blei vist fram.

Etter mykje trening på denne måten, drog trenaren som låg i vatnet lengre og lengre unna for å trene duene til å sjå endå breiare utover havet etter oransje ting.

Dei beste duene i klassen fekk gå over til avansert trening. På den avanserte treningsleiren blei dei plassert under helikopter og måtte leita etter oransje, men og gule og raude objekt plassert i havet. Kvar fugl dekka eit 120 graders vindauge, så tre duer kunne til saman sjå 360 grader.

(Saka held fram under bilete)

I 1981 blei det offisielt anbefalt at duer burde vere i kystvakta i USA, men teknologien tok etter kvart over. Duene blei pensjonert til å leve eit liv utan pilotbriller.
Illustratør: Guro Tømmerås

Trøtte og svoltne

Ettersom duene sat på ein slags sofa, tenkte forskarane at det var viktig å halde dei vakne og oppmerksame. Duene måtte få såpass lite mat at dei var svoltne nok til å leite i havet i timevis utan å miste fokuset. Dersom dei sokk under eit visst vektmål, kunne det derimot vere farleg for helsa deira, men dersom dei blei for tunge, ville duene vere for mette til å jobbe effektivt.

Slo menneska

På testar forskarane gjennomførte, viste det seg at duene kunne sjå dei farga tinga i havet ni av ti gonger den første flyginga over målet. Menneska, derimot, var kapable til å finne same mål på første flyging berre fire av ti gonger. Seinare, når menneska fekk vite at dei prøvde å konkurrere mot duer, klarte dei det halvparten av gongene.

På flygingar der både menneske og duer såg dei farga måla, såg duene det først i 84 prosent av tilfella. Duene beviste at dei var fantastiske søkarar og blei dermed brukt til å leite etter menneske i nød på havet.