Kva er eit demokrati?
- Demokrati er også kalla eit folkestyre.
- I eit folkestyrt land er det innbyggerane sjølv som bestemmer kven som skal styre landet.
- I eit dempkrati har me fritt val. Alle kan sjølv bestemme kva politisk parti dei vil stemme på.
- Alle har rett til å vera ueinig med fleirtalet.
- Kvart enkelt menneske sine rettar er like viktige.
(Wikipedia)
Forskarar har undersøkt 14-åringar sin kunnskap om spørsmål som handlar om demokratiet (sjå faktaboks om demokratiet).
Dei ville finna ut korleis skuleelevar er førebudd på å delta aktivt i samfunnet.
Noreg skil seg ut
Norske elevar leverer dei beste resultata på spørsmål om dei deltek i aktivitetar som elevråd, elevparlament og studentdebattar, ifølgje Forskning.no.
Meir enn ni av ti norske elever seier at dei har delteke i val av tillitsvalte, og seks av ti har delteke i beslutningar om korleis skulen blir drive.
Dei norske 9. klassingane skil seg ut frå dei andre landa rundt om i verda, men også dei andre landa i Norden.
– Elevane opplever at skulen er open for ulike meiningar og diskusjon, fortel forskningsleiar Guro Ødegård ved Høgskulen i Oslo og Akershus til Forskning.no.
Høgt nivå
Faktisk så er over halvparten av dei norske elevane på det høgaste nivået.
– Dette er høgt om me samanliknar med gjennomsnittet i andre land, der er berre éin av tre elevar er på det same nivået, fortel prosjektleiar Lihong Huang ved NOVA på Høgskulen i Oslo og Akershus.