I vår fekk miljøagentane på Stord vera med på å planta poteter i nokre store plantekassar på Torget på Leirvik på Stord.
Tidlegare i haust tok miljøagentane opp nærare ti liter poteter frå Torget. Bonden Kjell Lønning og Lønning Lutlandbruk hjelpte til med å skaffa fire slag settepoteter i vår, og miljøagentane fekk smaka forskjellen på potetene då dei blei steikt i solsikkeolje på bålpanne i Parken.
No håpar miljøagentane at kommunen skal leggja til rette for endå meir dyrking av mat i sentrum. For nokre veker sidan var Miljøagentane på Stord på besøk hos ordføraren og leverte innspel til kommuneplanen til Stord.