– «Se på min lille teddy du, som danser rundt på gulvet nu – så dukker han for dukken min. Så vugger de litt rundt omkring…»
Nesten før journalisten har sett seg startar elevane frå 2a å synge «Teddyen min» av Åsta Hjelm.
– Vi syng på skulen kvar einaste dag, seier Herman.
Signe, Emilie, Idun og Amanda nikkar og er heilt einige.
– Vi syng veldig mykje forskjellig, seier Signe og ramsar opp: – Fame, Teddybjørn, Kardemommeby…
Kontaktlærar Stian legg til at dei lærer mykje gjennom å synge. Slik som dei engelske månadane, og teljesongane dei brukar.
– Eg får venger
Når elevane får beskjed om å skildre kva song betyr for dei glør det i auga.
– Eg drøymer meg bort når eg syng. Eg får liksom venger og det kjennest ut som eg kan flyge høgt opp mot himmelen, seier Emilie.
– Når eg syng kan eg gjere kva som helst med stemma mi. Eg blir glad av det, sier Herman.
– Det er litt som at eg sprekk gleda
Klassen har nyleg hatt ei stor førestilling om Kardemomme by. Då var alle saman med. Dei song, spelte teater og viste seg fram for skulen og foreldra.
– Då eg stod på scenen var eg spent, seier Idun. – Eg blir proppfull av glede når eg syng! Det er litt som at eg sprekk gleda, fordi eg blir så glad. Og gjer eg feil, er det berre eg sjølv som veit det, og ingen andre. Derfor er det viktig å ikkje vere negativ om ein gjer feil. For feil kan alle gjere.
– Ja, det er nesten som at hjartet eksploderer av glede, legg Emilie til.
Song lagar fellesskap
Lærar, Stian Arildsøn Syversen, brukar song, musikk og drama i undervisninga.
– I det daglege er musikk ein fin måte å kople av på. Gi elevane litt ferie i hovudet når eg ser dei er slitne.
– Det er lettare å lære bort med song. Det kan vere alt frå talreglar eller dei engelske månadane.
Stian brukar musikk og drama tett opp mot kvarandre.
– Song og teater sveisar klassen saman. Det blir ein fellesskap der elevane blir trygge. I klassen er det alltid 26 hender som rekk opp handa og som er trygge på å snakke i klasserommet.
- LES OGSÅ: Song ut for full hals i protest
Opp til kvar enkelt lærar
Det er veldig forskjellig korleis læraren brukar song i skulen, fortel Stian. – Men for meg er det heilt avgjerande.
– I fjor var eg ressurs-og musikklærar. Eg merka at elevar assosierte meg med nokon som var gøy.
Uavhengig av dei nye læreplanane som skal kome veit iallfall Stian kva han skal gjere:
– Eg kjem ikkje til å forandre måten eg jobbar på. Song, musikk og teater er viktig!
Stian sine tre grunnar for å ha song i skulen:
1: – Gjennom song skapar ein fellesskapskjensla. At vi gjer noko saman, som gir mykje glede.
2: – Elevane lærer lettare med å sette melodi på noko. Ein bruker hjernen på ein annan måte.
3: – Det er fint å bruke song for å kople av, og ta pause i ein travel time.