Song ut for song i skulen framfor Stortinget

12. juni samla det seg fleire hundre menneske framfor Stortinget. Dei krev at alle barn skal få synga kvar dag i skulen, at songen skal styrkast i dei nye læreplanane.

– Song i skulen er viktig fordi det er for alle. Ein syng med den stemmen ein har. Det skapar band mellom folk, fortel Mari (19), som har møtt opp foran Stortinget for å demonstrera saman med tre vener.

Forsamlinga bryt ut i allsong med Per Spelmann før intervjuet kan halda fram.

Dei fire er samde om at demonstrasjonen viser kor viktig songen er.– Det er ingen terskel for å synga, seier Magnus (23), i det songen går mot slutten.

– Song er inkluderande, og passar for alle, uansett kven ein er og kor ein kjem frå. Og ikkje minst er det gøy, seier Lisa (25), som også sit i styret til Ungkor.

Regjeringa føreslår å fjerna songen

For to år sidan fjerna regjeringa songen frå den overordna delen av læreplanane, trass sterke åtvaringar. I ei undersøking som Framtida.no gjennomførte, kom det fram at berre halvparten av barneskuleelevane i Noreg syng kvar dag.

Ordforklaring: Læreplanen er dei planane som lærarar og skulen skal følgje for å undervise elevar. Det er regjeringa som legg fram læreplanane som Stortinget skal godkjenne.

Vil du ha meir song i skulen?

Vil du ha meir song i skulen?

Ja57
Nei44
Veit ikkje22
Vi syng for lite5
Vi syng mykje6
Svar totalt: 134