Kvalpeauga skal tiltrekke seg menneske

Hundar har utvikla ein muskel i augebryna slik at dei sender blikk som appellerer til menneske, viser eit nytt studium.

Alle hundeeigarar kjenner blikket. Dei store, bedande auga som kjem når du sit ved middagsbordet og hunden har lyst på ein godbit, skriv ABC nyheter.

Tidligare studium har vist at hundane har lært å bruke dei store «kvalpeauga» til sin fordel i møte med menneske, fordi det minner oss om barn.

No hevdar forskarar frå USA og Storbritannia at musklane rundt auga til hundar har gått gjennom ei anatomisk endring for å skape det spesielle, bedande blikket, skriver BBC.

– Når hundane lagar dette uttrykket latar det til å vekke omsorgskjensla i oss menneske, forteller professor Juliane Kaminiski ved Universitetet i Portsmouth, ein av forfattarne bak studiumet, til BBC.