Danskar slit med å forstå kvarandre

Du synest kanskje det er litt vanskeleg å forstå dansk? Dei mumlar mykje når dei snakkar, og er ikkje like tydelege i ordlyden som norsk og svensk.

Den lille havfrue: Denne skulpturen er svært kjend og er plassert i København – hovudstaden i Danmark. (Pixabay)

Saka stod opprinneleg på forskning.no.

Danske barn kan gjennomsnitteleg 50 ord når dei er to år gamle. Barn på same alder som lærer andre språk, kan gjerne rundt 200 ord, skriv forskning.no.

Det er ikkje gramatikken som er vanskeleg på dansk, men uttalen av lydane som gjer dansk litt vanskeleg.

Norsk og dansk ligg under språkparaplyen som vi kallar for germanske språk.

I Noreg har vi ni vokalar: a-e-i-o-u-y-æ-ø-å.

Men på dansk opererer dei med opp mot 30 ulike vokalar.

«Rød grød med fløde»  er nesten umogleg å uttale riktig, dersom ein ikkje er dansk.

Her er ti utlendingar som prøvar å seie «Røget rødøjet havørred»: