I dag kan du utforske Pokemón-universet gjennom alt frå mobilspel, TV-serie og filmar til kort, figurar og bamsar. Men alt starta med eit videospel for 30 år sidan.
1. Pokemón blei skapt av japanske Satosh Tajiri i 1996

Frå 1990 til 1996 laga Satosh Tajiri videospela Pokémon Red og Pokémon Green. Spela var laga for å spelast på Game Boy og gjekk ut på at trenarar skulle fange pokémonar. Ein Game Boy er ein handhalden spelekonsoll frå Nintendo. Game Boyar blei laga frå 1989 til 2003.
2. Pokémon-universet er inspirert av småkryp Satosh samla på då han var liten
Som liten blei Satosh Tajiri kalla «Dr. Bug» av andre barn sidan han var oppteken av å samle på insekt. Satosh og vennane hans bytte insekt mellom seg. Det var denne hobbyen som inspirerte han til å lage Pokémon-verda.
3. Ordet «Pokemón» er ei forkorting av «Pocket monsters» – «lommemonster» på norsk
Opphavleg kalla Satosh videospelet «Pocket Monsters», men då det blei gitt ut i fleire land begynte forkortinga «Pokémon» å bli brukt.
4. TV-serien Pokémon har blitt laga sidan 1997 og vore viktig for at anime (Japansk animasjon) har blitt populært over heile verda
TV-serien Pokémon handla opphavleg om Ash Ketchum – ein ung Pokémon-trenar – og partnarpokémonen hans Pikachu. Ein Pokémon-trenar fangar pokémonar og lærar dei å slåst.
5. Pikachu er den mest populære pokémonen
Pikachu er ei stor gul mus med ein hale som er forma som eit lyn. Kinna til Pikachu er raude og kan stråle ut kraftig elektrisitet. Pikachu er i dag sett på som Pokémon-maskoten.
6. Det finst over 1000 forskjellige pokemónar
I dei første Pokémonspela var det 151 ulike artar. I dag finst det heile 1025 offisielle Pokémon-artar. Alle pokémonane har sin eigen personlegdom som gjerne er bestemt ut frå kva type område han lever i. Til dømes er Squirtle er ein vass-pokémon og difor likar han seg i nærleiken av vatn.

7. Nokre pokémonar er inspirert av søppel
Dei aller fleste pokémonane er inspirert av insekt, dyr eller andre ting i naturen, men nokre er faktisk inspirert av søppel og avfall. Dette gjeld til dømes Trubbish og Muk.
8. Pokémon-kort med feil kan vere svært verdifulle
I 1996 blei det også laga eit Pokémon-kortspel. Det blei raskt populært å samle på Pokémonkort og byte dei mellom seg ettersom kva kort ein ønskte seg. I dag samlar mange på Pokémon-kort for å selje dei igjen – då gjeld det å ha sjeldne kort sidan desse er verdt mykje. Noko av det som faktisk kan gjere kort sjeldan er at det har ein feil.
9. Nyleg selde Logan Paul eit pókemonkort til over 160 millionar kroner
I 2022 kjøpte den amerikanske påverkaren Logan Paul det dyraste pokémonkortet i verda. Han betalte over 5 millionar dollar. I februar i år selde han kortet for over 16 millionar dollar – over 160 millionar norske kroner. Kortet er eit «Pikachu Illustrator card». Det vil seie at det er eitt av 39 kort som blei laga til ei illustrasjonskonkurranse på slutten av 90-talet.
10. «Gotta catch ’em all» er slagordet til Pokémon
Har du høyrt den originale temasongen til Pokémon-TV-serien? Der syng dei «Gotta catch ’em all» som på norsk betyr «Må fange dei alle saman». Det er jo nettopp dette Pokémon-universet handlar om – at trenarar skal fange pokémonar.























