Påskekrim: Dette er bøkene du bør lese i ferien

I påska er det populært å lese krimbøker. Her er 15 spennande og skumle bøker du kan kose deg med i påskeferien.

Krim, i litteratur, er historier som handlar om lovbrot, til dømes mord eller at nokon har forsvunne – historiene skal vere underhaldande og spennande.

Påskekrim er ein norsk tradisjon som handlar om å lese, sjå på eller høyre på krim i påska. Tradisjonen kan seiast å ha starta i 1923 då spenningsromanen «Bergenstoget plyndret i natt» kom ut.

Under finn du ei rekke spennande bøker du kan kose deg med i påska. Bøkene er anbefalt av bibliotekarar på Deichman i Oslo.

For dei mellom 6 og 9 år:

Verdas rikaste tjuv – Marianne Gretteberg Engedal

Bokomslag: Marianne Gretteberg Engedal / Samlaget

Kjell er fødd inn i ein tjuvfamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Ein dag får familien til Kjell mykje pengar, plutseleg kan dei kjøpe i staden for å stele.

Dyrehagedetektivene – Mona Grivi Norman

Bokomslag: Isabell Martinsen / Aschehoug

Dyrehagedetektivene er ein serie med fleire bøker. Første bok er Den hvite løven. Bøkene passar for dei som liker dyr og mysterium. Bøkene har fokus på utryddingstruga dyreartar, og har fakta om dyret boka handlar om, bakarst i boka.

Hundrelappen – Håkon Forbod Sønneland

Bokomslag: Line Halsnes / Samlaget

Heime hos Odin og pappa har det forsvunne ein hundrelapp. Pappa meiner at det er Odin som har tatt han. For å bevise at Odin er uskuldig må han finne hundrelappen og den eigentlege tjuven.

Alba og Finito – Lars Mæhle

Bokomslag: Marion Bråthen / Gyldendal

Serie med fleire bøker, første bok er Mysteriet med den tause papegøyen. Passar for de
som liker fart, spenning og humor.

Avisgjengen – Kristoffer Kjølberg

Bokomslag: Kristoffer Kjølberg / Gyldendal

Avisgjengen er ein teikneserie med fleire bøker – første bok er Etter leggetid. Bokserien passar for dei som er nysgjerrige på korleis det er å vere krimreporter i skuleavisa.

For dei mellom 9 og 12 år:

Blålys – Hanne Kristin Rohde

Bokomslag: Kagge Forlag

Blålys er ein serie med bøker som det er lurt å lese i rekkefølge. Første bok er Pyramidemysteriet. Bøkene passar for dei som liker ekte krim og spenning.

Motorsykkelmysteriet – Magnhild Bruheim

Bokomslag: Samlaget

Stian og Stine er stesøsken som liker å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fleire skumle situasjonar.

Mot og Mysterier – Dag Otto Lauritzen og Frode Eie Larsen

Bokomslag: Kagge Forlag

Tåkedis er ein serie med fleire bøker som det er lurt å lese i rekkefølge. Første bok er Tåkedis. Bøkene passar for dei som er opptekne av naturfenomen og mysterium.

Over mitt lik – Runar Dahle

Bokomslag: Annette Saugestad Helland / Gyldendal

Over mitt lik er ei bok full av mystikk, vennskap og innpåslitne døde.

Det spøker på fjellet – Sidsel Jørland

Bokomslag: Cathrine Sandmæl / Cappelen Damm

Dette er ei lettlesen og spennande bok. Boka passar for dei som vil lese ei skummel og mystisk historie frå påskefjellet.

For dei mellom 12 og 14 år:

Ingen sover trygt i natt – Mari Moen Holsve

Bokomslag: Cappelen Damm

Spenning for dei som liker grøss og makabre forteljingar.

Skarpe kantar – Therese Gharsol

Bokomslag: Samlaget

Skarpe kantar er ein spenningsroman for ungdom.

Enola Holmes – Nancy Springer

Bokomslag: Cappelen Damm

Dette er ein serie med fleire bøker som passar for dei som liker mysterium og historiske romanar.

Stockholm-trilogien – Johan Rundeberg

Bokomslag: Cappelen Damm

Det er lurt å lese Stockholm-serien i rekkefølge – første bok er Natteravnen. Bøkene passar for dei som liker spenning, historie og realistiske forteljingar.

Wells & Wong-mysteriene – Robin Stevens

Bokomslag: Aschehoug

Wells & Wong-mysteriene er ein serie med fleire bøker, der første bok er Et høyst upassende mord. Bøkene passar for dei som liker detektivhistorier i Agatha Christie-stil.