Vaskebjørnar løyser gåter for moro skuld

Forskarar har oppdaga noko overraskande: Vaskebjørnar held fram med å løysa oppgåver – sjølv når dei ikkje får mat som påskjønning.

Ein ny studie ved universitetet i British Columbia viser at vaskebjørnar ikkje berre er på jakt etter mat. Dei kan også vera nysgjerrige og lika å løysa problem berre fordi det er spennande.

I forsøket fekk dyra ein boks med fleire ulike måtar å opna han på. Inne i boksen låg det berre éin marshmallow. Likevel heldt mange av vaskebjørnane fram med å opna nye luker – sjølv etter at dei hadde ete opp godbiten.

– Me forventa ikkje at dei skulle opna alle løysingane i éin og same runde, seier forskar Hannah Griebling til News for kids.

– Dei heldt fram med å løysa oppgåver sjølv når det ikkje var nokon marshmallow igjen.

Nysgjerrige

Forskarane meiner dette viser at vaskebjørnane er nysgjerrige og motiverte av å læra, ikkje berre av svolt.

Studien kan også forklara kvifor vaskebjørnar klarer seg så godt i byar. Dei er flinke til å finna løysingar og opna ting – som søppelkasser og behaldarar.

Forskarane trur denne nysgjerrigheita gir dei ein fordel i miljø der dei må finna smarte måtar å skaffa mat på.