Sletta TikTok og Instagram: – Det er heilt vilt kor digg det er

Influenser Oskar Westerlin lever av sosiale medium. Men no har han gjort eit uventa val.

Han har sletta både TikTok og Instagram frå mobilen sin.

– Eg sletta TikTok og Instagram frå mobilen for nokre månader sidan, og eg må seia at det er heilt vilt kor digg det er å slutta med den dommedagsskrollinga, seier Westerlin til NRK.

Han fortel at han før kunne bruka veldig mykje tid på mobilen.

– Eg køddar ikkje, nokre dagar hadde eg opp mot tolv timar skjermtid, seier han.

No brukar han berre Instagram på PC-en heime, eller på ein eigen jobbtelefon.

Merka stor forskjell

Westerlin seier at han merka ein stor forskjell då han slutta å skrolle heile tida.

– Hjernen din blir berre eggerøre når du skrollar TikTok etter TikTok. Det er ikkje det vi er skapte for, seier han.

I staden for å sjå på alt andre legg ut, vil han heller laga eigne ting.

– No skal eg promotera, ikkje konsumera, seier han.

Westerlin oppmodar folk om å ikkje slutta å følgja han, men heller sjekka innom av og til. Han fortel at han prøver å leggja ut tre–fire innlegg om dagen, og at dette no skjer gjennom jobbtelefonen.