Spellemannprisen
- Spellemannprisen er ei prisutdeling til norske musikkartistar som har utmerkt seg på ein positiv måte i året som har gått.
- Prisen har blitt arrangert kvart år sidan 1973.
- Talet på prisar varierer frå år til år. I år var det 28 prisar som vart utdelt under prisutdelinga som vart halden i Operaen i Oslo.
Kjelde: spellemann.no og wikipedia.no
Tobias Sten var nominert til heile seks prisar under årets Spellemannpris – ingen andre hadde fleire nominasjonar enn han.
Han var nominert til prisane «Årets gjennombrot», «Årets utgiving», «Årets tekstforfattar» og «Årets låt» med tre ulike låtar. Av nominasjonane enda artisten opp med å vinne prisen for «Årets utgiving».
Overraska
Då artisten skulle opp på scena for å opptre som ein del av underhaldninga på prisutdelinga, blei han overraska med prisen «Årets spellemann».
– Eg reiser rundt, syng og grin og dansar i alle bygder i Noreg. Eg skal gjere dette til eg døyr og håper dykk vil høyre på meg, sa Tobias Sten etter å ha motteke prisen.
Juryen var aldri i tvil om at Tobias Sten skulle bli «Årets spellemenn». Dette er mellom anna fordi han lagar musikk som svært mange lyttar til med tekstar ein kan kjenne seg igjen i.






















