Noreg er blant dei lykkelegaste landa i verda

Noreg er det sjette mest lykkelege landet i heile verda, ifølge Verdas lykkerapport frå FN, som vart publisert denne veka. Det betyr at vi har klatra éin plass opp frå sjuandeplass i fjor.

20. mars er FN sin internasjonale dag for lykke, der dei fokuserer på at lykke og velvære er eit mål for alle menneske på jorda.

Nabolanda våre er også i toppen, med Finland som det lykkelegaste landet i verda. Etter det kjem Island og Danmark på andre- og tredjeplass. Costa Rica i Mellom-Amerika er på fjerdeplass, og Sverige er på femteplass.

Årets rapport ser særleg på korleis sosiale medium kan påverke livskvaliteten til unge, og merkar seg at lykka blant unge under 25 år har gått noko ned i vestlege land.