10 ting du kanskje ikkje visste om id-feiringa

Muslimar over heile verda feirar id al-fitr denne veka. Dette er den største muslimske feiringa, men veit du eigentleg kva id al-fitr betyr, eller at eit anna namn for feiringa er «sukkerfesten»? Her får du ti fakta du kanskje ikkje visste om id al-fitr.

1Id al-fitr betyr «festen etter fasta»

Id betyr «fest», og al-fitr betyr «etter fasta» på arabisk. Id al-fitr blir feira når fastemånaden ramadan er over og når månaden shawwal startar.

2Fastar for å kome nærare Gud

Ramadan er den islamske fastemånaden og den niande månaden i året for muslimane. Denne månaden fastar alle vaksne, og nokre barn, kvar dag, frå soloppgang til solnedgang. Å faste vil seie å ikkje ete. Dette gjer dei i trua om å kome nærare gud (Allah).

3Kaker, godteri og favorittmat

Foto: Javad Parsa / NTB

Id al-fitr blir ofte gjerne kalla «sukkerfesten» fordi då er det lov å ete så mykje ein vil av søtsaker, dessertar og anna god mat.

4Nye klede

Id al-fitr blir gjerne markert med å ta på seg fine og nye klede for anledninga.

5Ein er snill og gir til andre

Id al-fitr handlar også om å bry seg om andre ved å gi pengar eller mat til dei som treng det. Slike gåver heiter zakat al-fitr.

6Barn får gåver

Foto: Javad Parsa / NTB

Mange barn får små gåver eller pengar. Pengegåver frå familiemedlemmar blir kalla Eidi. Eidi blir gjerne spart og brukt til å kjøpe noko stort som barna ønskjer seg, seinare.

7Folk seier Id mubarak til kvarandre

Id mubarak betyr «god id» på arabisk, og er ei hyggeleg helsing muslimar seier til kvarandre under denne høgtida.

8I Noreg har born ramadan-kalender

Det har blitt meir og meir vanleg at muslimske born i Noreg har ein kalender med luker eller små gåver for kvar dag i ramadan. Dette som ei nedteljing til id al-fitr.

9Ein er saman med familie og venner

Foto: Javad Parsa / NTB

Id al-fitr handlar i stor grad om å vere samen og ha det hyggeleg med andre menneske.

10Id al-fitr er ikkje same dato kvart år

Det finst ingen klar fasit på når høgtida skal markerast. Ein regel mange muslimar følgjer, er å starte feiringa når ein ser nymånen for fyrste gong etter ramadan. Dermed varierer tidspunktet for feiringa frå år til år.