Visste du?
Når du kan fleire språk, er dei alle skrudd på i hjernen samtidig, men hjernen er smart nok til å velje rett språk når du treng det.
Kjelde: Marit Lobben
Marit Lobben er lingvist og hjerneforskar. Det betyr at ho kan mykje om både språk og hjernen. I ein e-post til Framtida junior fortel ho at språkforskarar ofte spør testpersonane om dei speler eit instrument. Hjernen bruker nemleg dei same nettverka til både språk og musikk.
– Når vi snakkar, bruker vi ikkje berre ord – vi bruker også tonefall. I norsk kan tonefall endre meininga. Orda kan sjå like ut, men måten stemma går opp eller ned på, gjer at vi forstår kva som er meint. For eksempel ser «å falle» og «fallet» like ut, men «Det er vondt å falle» betyr noko anna enn «Fallet var langt», seier Marit.

Barn som snakkar tonespråk, er ofte flinke i musikk
I nokre språk er tonefallet endå viktigare.
– I kinesisk finst det fleire forskjellige tonefall. Det same ordet kan bety heilt ulike ting berre fordi stemma går opp, går ned eller går opp og så ned. For eksempel kan eitt ord bety både «hest» og «å skjelle ut nokon» – alt kjem an på tonefallet! fortel Marit.
Barn som veks opp med å snakke språk med mange tonefall, trener derfor hjernen til å bli ekstra flink til å høyre små toneforskjellar. Dette er også nyttig å høyre i musikk.
– Derfor skjer det ofte at folk som snakkar tonespråk, er flinke i musikk, og musikarar blir flinkare til å lære tonespråk. For språk og musikk er eigentleg slektningar i hjernen. Å lære språk kan hjelpe deg med musikk og å spele musikk kan hjelpe deg med språk, seier Marit.























