Frå kreativ idé til ferdige 3D-figurar

Det durar svakt frå maskinene, og ein tynn tråd av smelta plast legg seg lag for lag. På Læringslaben ved Høgskulen på Vestlandet sit Adrian, Nora og Peder konsentrerte framfor skjermane. I dag får dei laga sine heilt eigne 3D-figurar.

Fakta: Læringslabben ved Høgskulen på Vestlandet
  • Gir studentar og lærarar tilgang til moderne teknologi
  • Har mellom anna 3D-printer, VR-briller og studio
  • Blir brukt i undervisning og prosjekt
  • Samarbeider med skular slik at elevar kan få prøva teknologi.
  • Høgskulen på Vestlandet har fem læringslabar i Noreg. På Stord, i Bergen, i Haugesund, i Førde og i Sogndal.
LES FAKTALUKK FAKTA

Adrian Olderkjær Veivåg (12) lagar ein figur frå ein teikneserie.

– Eg har laga ein karakter frå One Piece som heiter Luffy, seier han.

Adrian prøver 3D-printing for andre gong. Foto: Høgskulen på Vestlandet

Figuren skal han gi til ein venn.

– Han spurde meg om eg kunne laga det til han, fordi han høyrde at eg skulle hit i dag.

Adrian har prøvd 3D-printing ein gong før.

– Eg forstod ikkje heilt appen me brukte for å laga figuren den gongen.

– No har eg lært meir, og det gjekk mykje betre!

Det han likar aller best, er fridomen.

– Det kjekkaste er å få tenkja utanfor boksen. Det er ingen som seier kva me må laga. Me kan laga kva som helst, fortel han.

Bygde vidare på ein båt

Nora Haugland (12) valde å laga ein båt.

Nora laga ein båt i 3D-printaren. Foto: Høgskulen på Vestlandet

– I dag har eg laga ein båt med ei blå blokk under som er sjø, og ein kaptein oppå båten.

– Eg fann båten først, og så bygde eg vidare på han.

Designprogrammet i appen var både lett og vanskeleg, fortel Nora. Likevel fekk ho lyst til å 3D-printa meir.

– Eg har lyst til å gjera dette fleire gonger. Det var kjekt!

Ville at skipet skulle sjå ekte ut

Peder Vatna (12) er veldig interessert i båtar.

Peder laga eit containerskip. Foto: Høgskulen på Vestlandet

– Eg laga eit containerskip. Eg er veldig glad i båtar, så eg ville laga eit skip.

Han måtte tenkja nøye då han bygde det i designprogrammet i appen.

– Eg måtte tenkja mykje på at det skulle sjå ekte ut.

Dette er første gongen han prøver 3D-printing.

– Eg visste nesten ingenting om dette før eg kom hit.

Men no vil han aller helst kjøpa sin eigen 3D-printer.

– No har eg berre lyst å gjera meir, smiler han.

– Dei blir heilt oppslukte

Studentassistent Torstein Waard, som går på lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, ser korleis barna jobbar.

– Dei blir veldig oppslukte når dei først byrjar. Når dei har fått det litt til, vil dei berre halda fram, seier han.

Han meiner det viktigaste barna lærer, er kreativitet og problemløysing.

Torstein går på lærarutdanninga og er studentassistent i læringslaben. Foto: Janne Nerheim

– Dei får lov til å laga sine eigne figurar og utforska kva som er mogleg. Det er ingen rammer. Du kan ta ein figur som ligg i appen, eller laga din eigen.

Barna må òg tenkja mykje sjølve, og finna ut av problem som dukkar opp undervegs.

– Problemløysing er kanskje det viktigaste dei trener på. Dei må måla, testa og finna ut om det faktisk kjem til å fungera å printe det dei vil laga.

– Viss noko ikkje fungerer, må dei spørja seg: Kva kan eg gjera annleis her?

Torstein seier dei vaksne ikkje treng å hjelpa så mykje.

– Dei finn ut av mykje sjølve. Det handlar om sjølvstende i utforsking.

Han håpar barna tek med seg meir enn berre ein figur heim.

– Eg vil at dei skal sjå at det er mogleg å gjera mange forskjellige ting. Med 3D-printing kan ein gjera veldig mykje, og det einaste som stoppar dei, er dei sjølve.

Slik fungerer 3D-printing

Robin Mathias Stålsmo Fossheim forklarar teknologien.

– 3D-printing betyr at ein lagar ting lag for lag med smelta plast, heilt til det blir ein figur eller ein gjenstand.

Robin Mathias er vert i læringslaben. Foto: Janne Nerheim

– Det er litt som ein vanleg printer, men i staden for blekk brukar han plast og byggjer ting i tre dimensjonar.

Dimensjonar er kor mange vegar noko har. Teiknar du på eit ark, har det to dimensjonar: det er langt og breitt. Men ein 3D-printer lagar ting som også er tjukke, så dei har tre dimensjonar: lengd, breidd og høgd. Då blir det ekte ting du kan halda i, ikkje berre bilete.

Brukar resirkulerbar plast

For å koma i gang med 3D-printing treng du ikkje mykje.

– Du treng eigentleg berre ein 3D-printer, ein datamaskin og plasttråd som me kallar filament, fortel Robin.

– Mange design ligg gratis på nettet og kan lastast ned.

På Læringslabben prøver dei å vera miljøvenlege når dei 3D-printar.

– Me brukar mest resirkulerbar plast, som er laga av maisstivelse og sukker.