By i Italia søker «luktekspertar» for å betre luftkvaliteten

Ordføraren mottar klagar frå innbyggarane.

Byen Brendola ligg i Podalen i Italia. Dette er eit av dei verste områda i Europa når det kjem til luftforureining.

Av dei rundt 4000 innbyggarane, bur mange nær industriområde. Fleire av dei klagar på vonde luktar. For å betre luftkvaliteten søker byen no seks «luktekspertar».

Skal finne ut kor den vonde lukta kjem frå

Luktekspertane kan ikkje ha nokre allergiar eller astma. Dei må også ha ein bil og ein telefon, der dei kan registrere lukta i ein app.

Viss dei luktar noko vondt, skal dei registrere dette i appen. Dette skal dei gjere i eit halvt år. Målet er å finne ut kor dei vonde luktene som innbyggarane klagar på, kjem frå.

Undersøkte vond lukt for fem år sidan

Det er ikkje første gong byen leiter etter årsaka til vond lukt.

– Vi gjorde ei liknande undersøking for omtrent fem år sidan i eit industriområde nær der dei vonde luktene kjem frå no, seier ordførar Bruno Beltrame til The Guardian.

Då klarte dei å finne dei illeluktande syndarane.

– No utvidar vi det geografiske området for å sjå om dei same selskapa har starta opp att med å sleppe ut dårlege lukter, eller om det er nokre andre.