Kva er avkledingsappar – og kvifor kan dei vera farlege?

Det finst appar og kunstig intelligens (KI) som kan laga falske bilete av folk utan klede, sjølv om dei aldri har teke slike bilete.

Kva skal du gjera viss dette skjer med deg?
  • Snakk med ein vaksen du stolar på med ein gong.
 Ta vare på meldingar eller bilete som bevis.
  • Ikkje svar på truslar.
  • Du har ikkje gjort noko gale.
  • Ingen har lov til å bruka bilete av deg på denne måten.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det betyr at nokon kan ta eit heilt vanleg bilete av deg – og så bruke ein app til å endra det, slik at det ser ut som om du ikkje har på deg klede. Biletet er ikkje ekte, men det kan kjennast veldig ubehageleg.

Barnevakten.no skriv at slike appar kan bli brukte til mobbing og truslar. Til dømes kan nokon seia at dei sender biletet vidare viss du ikkje gjer som dei seier. Sjølv om biletet er falskt, kan det gjera vondt og følast skummelt.

Slike appar blir kalla avkledingsappar, og mange av dei ligg i vanlege app-butikkar. Ifølgje Barnevakten.no har dei blitt lasta ned veldig mange gonger.

Det er viktig å vita at det er ulovleg å dele slike bilete utan lov. I Noreg er det straffbart å dela krenkjande bilete av andre.