KI-ekspert åtvarar mot reklame i ChatGPT | Framtidajunior.no

KI-ekspert åtvarar mot reklame i ChatGPT

Inga Strümke er forfattar og KI-ekspert. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Folk snakkar med ChatGPT for å få råd, rett og slett. Så eg vil seie at det er ganske uetisk å putta reklame inn i noko så kommersielt. Det er på grensa til manipulasjon og utnytting, seier Inga Strümke, forfatter og KI-ekspert til NRK.

Manipulasjon er når nokon prøver å påverka deg utan at du merkar det. Kommersielt er noko som handlar om å tene pengar, til dømes ved å selje varer, tenester eller reklame.

Vil tena meir pengar

Når me snakkar med ein chatbot, kan det kjennast meir personleg enn vanleg reklame. Derfor kan tilrådingar verka meir truverdige.

ChatGPT er ein av dei mest populære tenestene i historia, med 900 millionar brukarar sidan lanseringa i 2022, ifølgje TechCrunch. Men berre eit fåtal av brukarane betaler for dei enorme mengdene datakraft språkmodellen treng. Derfor treng OpenAI, som er selskapet som står bak ChatGPT, meir inntekter.

– Om ein står på randa av konkurs, som OpenAI gjer ganske ofte, så må ein nærast gjera kva som helst så lenge det er lov, seier Strümke til NRK.

Kva meiner du?

64 svar

Kor ofte bruker du snakkerobotar som ChatGPT?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Kva meiner du?

215 svar

Kva meiner du om å senke den kriminelle lågalderen?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir