Tips for å unngå å bli «hangry»:
Forskinga gir også nokre forslag for korleis me kan sleppa å bli så gretne av svolt:
- Planlegg måltid og snacks, så du slepp lange periodar utan mat.
- Følg med på kva kroppen fortel deg før svolten blir for sterk.
- Unngå vanskelege samtalar eller konfliktar når du eller andre er svoltne.
Då har du kjent på det som blir kalla å vera «hangry». «Hangry» er eit ord som er ei blanding av dei engelske orda «hungry» som tyder svolten, og «angry» som tyder sint. Forsking viser at det gir meining at me føler det slik.
I ein studie følgde forskarar 64 menneske frå ulike europeiske land i 21 dagar. Dei brukte ein app til å registrera kor svoltne deltakarane var, og korleis dei kjende seg. Resultatet viste at mange faktisk kopla svolt til kjensler som irritasjon og sinne, skriv Ung.Forskning.
- 37 prosent kopla svolt til irritasjon.
- 34 prosent rapporterte sinne.
– Det er ein klar samanheng mellom svolt og sinne, seier forskar Daniela M. Pfabigan til Ung Forskning.
Det finst fleire forklaringar på kvifor me kan bli «hangry». Éin grunn kan vera at me ikkje alltid legg merke til signala frå kroppen før svolten verkeleg tek over.
Mange ting i kvardagen – som mobiltelefonar, podkastar eller stress på skule og jobb – kan gjera at me mistar litt av kontakten med kroppen vår. Når me først merkar svolten, kan han ha bygd seg opp så mykje at det påverkar humøret vårt.






















