Erle (10) og Elba (10) trener hjernen med folkedans

Dans er kanskje ei av dei beste formene for hjernetrening.

Visste du?

I store undersøkingar om kva som senkar risikoen for å få demens, er dans noko av det aller viktigaste. Dans er bra for hjernen, både for unge og gamle. Kjelde: Marte Roa Syvertsen

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida junior møter Erle Raknes Svendsen og Elba Guzman Oppedal i dansesalen før dei skal på øving. Dei dansar folkedans i Barnelaget, eit av tilboda til Bergen ungdomslag Ervingen. Det har tiåringane halde på med lenge. Elba har dansa sidan ho gjekk i barnehagen.

– Mens eg begynte å spele hardingfele, og så blei eg kjent med nokon som gjekk på folkedans. Så eg fekk lyst til å begynne med dei, fortel Erle.

Halling, reinlendar, springar og pols. Det er mange dansar å lære på øvingane.

– I tillegg til å danse, leiker vi litt i pausen. Så vi har det veldig gøy! seier Elba.

Og favorittdansen er klar:

– Halling er best! smiler dei to.

– Det er ein dans som er litt fri, slik at vi kan gjere triks, forklarer Elba.

TRIKS: Erle og Elba viser eitt av triksa. Foto: Synne Ulltang

Trener både kroppen og hjernen

Tiåringane har vore borti tanken på at dei ikkje berre trener kroppen, men også hjernen, når dei dansar.

– Ja, fordi kvar gong vi dansar, så hugsar vi jo meir og meir. Det kjennest ganske bra når du då hugsar dansen og klarar det, seier Elba.

Når dei først kan ein dans utanåt, tenker dei mindre.

– Av og til så gjer eg det berre utan å tenke. Ofte så tenker eg berre mine eigne tankar mens eg dansar dei eg kan utanåt, fortel Elba.

Men det er ikkje alle dansane som er like lette å lære stega til.

– Nokon av dei hugsar eg ikkje eingong namnet på. Ein av dei pleier eg berre å kalle for snurredansen. Fordi den som blir ført, blir snurra heilt enormt mykje, seier Elba.

MANGE STEG: Dansane dei lærer, har mange steg dei må hugse. Foto: Synne Ulltang

Dans held hjernen i form

– Dans er i høgste grad hjernetrening, og kanskje ei av dei beste formene for hjernetrening.

Det seier lege og hjerneforskar Marte Roa Syvertsen i ein e-post til Framtida junior. Ho fortel at når vi dansar, må vi bruke ganske store delar av hjernen, særleg viss vi skal lære ein ny dans.

– Samtidig er vi sosiale saman med andre og høyrer på musikk som ofte kan sette i gang litt følelsar, for eksempel glede. Til saman er det altså mange delar av hjernen som er i bruk ved dans. Og hjernen er akkurat som musklane, han blir sterkare og betre jo meir han blir brukt, fortel Marte.

HJERNEFORSKAR: Marte Roa Syvertsen er lege og hjerneforskar ved Drammen sjukehus. Foto: Anngunn Flatebø Dårflot

Hjerneforskaren fortel kva som skjer i hjernen når ein føler ein kan ein dans utanåt, og ikkje treng å tenke:

– Når vi skal lære noko nytt, for eksempel ein ny dans, må vi konsentrere oss meir. Då må vi bruke eit større område av hjernen for å få det til. Etter kvart som vi har øvd, treng vi ikkje å konsentrere oss lenger, men bruker berre ein liten del av hjernebarken, den som sender beskjedar direkte til musklane. Då går det automatisk, utan at vi tenker oss om, og då opplever vi det som at kroppen hugsar og vi er i flytsone.

Marte fortel også at det er lettare å lære nye ting når ein er barn.

– Hjernen er rett og slett meir formbar då, så barn treng ikkje å øve like mykje som vaksne for å få det til. Då er det lurt å bruke denne formbare tida til å lære ting ein kan ha glede av seinare i livet også, for eksempel ferdigheiter i dans.

Og som ein bonus – hobbyen til Erle og Elba kan gjere det lettare for dei å lære seg andre ting!

– Ja, det kan bli lettare å lære andre ting viss ein har dans som hobby. Dans held hjernen i form, og då kan han også bli betre til andre oppgåver, seier Marte.

Håper å halde på med folkedans lenge

Tilbake i dansesalen nærmar det seg øving. Erle og Elba meiner det er nokre ting som hjelper for å lære stega til dei vanskelege dansane.

– Kanskje å øve. Og så må vi jo sjølvsagt hugse å ha det gøy mens vi dansar. Når det er gøy, synest eg det er litt enklare å hugse, seier Elba.

– Kor lenge trur de at de kjem til å halde på med folkedans?

– Ganske lenge, seier Elba.

– Eg håper ikkje eg sluttar fort. Eg synest det er ganske gøy, seier Erle.

SPELEMANN: Når Barnelaget dansar, speler ein spelemann hardingfele. Foto: Synne Ulltang