Safer Internet Day er ei internasjonal markering som skal få alle til å tenkja litt ekstra på korleis me bruker internett. I Noreg er det Medietilsynet som står bak dagen, og den blir feira både på skular og heime hos familiar, skriv Barnevakten.no.
Snakk saman
Det kan vera mange ting vaksne og barn kan gjera saman på denne dagen, som å snakka om kva appar og spel du bruker, sjå på innstillingar på mobil og nettbrett, og ha ein god prat om opplevingar på nettet.
Dagen handlar også om skular og lærarar som vil hjelpa elevar med å forstå meir om sosiale medium, nettkultur og kva som er greitt og ikkje greitt å dela på nettet.



















