IOC vil starta OL tidlegare for å unngå varme

I framtida kan vinter-OL bli lagt til ei tidlegare tid på året. Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) vurderer å starta leikane allereie i januar, for å unngå at varme temperaturar øydelegg snøen.

– Me diskuterer moglegheita for å setja i gang med vinter-OL litt tidlegare. Starta i januar, sidan det påverkar Paralympics òg, seier Karl Stoss, leiar for Den internasjonale olympiske komiteens jobb med OL-programmet til NTB som fyrst omtala saka.

I dag varer OL i Italia til 22. februar, medan Paralympics blir arrangert i mars. Det meiner Stoss kan bli for seint, skriv NRK.

– Mars er veldig seint. Då er sola sterk nok til å smelta snøen. Kanskje Paralympics vil enda opp i februar, seier han.

IOC skal møtast igjen i juni for å vurdera framtidige OL. Då skal dei også diskutera nye idrettar og om nokon kan bli tekne bort. Kombinert er ein av idrettane som blir vurderte.

Førebels er vinter-OL i Dei franske Alpane i 2030 planlagt frå 1. til 17. februar.