Verdas største viltbru står snart klar

Brua skal gjere det trygt for dyr å krysse motorvegen.

Mange vegar blir bygde der dyr pleier å gå. Når dyra prøver å krysse vegen, blir mange av dei køyrt på. For å hindre dette blir det bygt eigne bruer for dyr. Dette blir kalla viltbruer.

For tida blir verdas største viltbru bygt utanfor Los Angeles i California. Bygginga begynte i 2022, og brua skal stå ferdig seinare i år, står det på prosjektsida.

VILTBRU: Dyra kan krysse motorvegen over brua, mens bilane køyrer under. Foto: Damain Dovarganeds/AP Photo/NTB

Brua går over ein motorveg med ti felt ved fjella i Santa Monica. I dette området bur det mellom anna firfirsler, slangar, hjortar, prærieulvar og pumaer. Målet med viltbrua er å hindre at dyra døyr når dei kryssar motorvegen.

LOKALE PLANTAR: På brua har dei sådd mange plantar frå området. Foto: Damian Dovarganes/AP Photo/NTB