Vil at 17-åringar skal få førarkort – men ikkje køyra åleine

Regjeringa jobbar med ein plan som kan gjera det mogleg for 17-åringar å ta førarkort for bil. Men dei får ikkje køyra åleine. Dei må alltid ha med ein følgjesperson, altså ein vaksen som følgjer med i bilen.

Planen kjem frå eit EU-direktiv, som er felles reglar for mange land i Europa. Det stadfestar seniorrådgivar Kristin Bentdal Larsen i Samferdselsdepartementet til NRK.

Ho seier at det kan vera positivt at unge får meir køyreerfaring, altså øving i trafikken.

– Likevel må føraransvaret vurderast nøye, då det skil seg frå øvingskøyring ved at føraren har ansvaret, ikkje følgjespersonen.

Det betyr at det er 17-åringen som har ansvaret om noko går gale.

Planen er at reglane kan gjelda frå 26. november 2028. 

Organisasjonen Trygg Trafikk er skeptisk.

– Sjølv om EU vedtek dette, er det ikkje slik at Noreg absolutt må la 17-åringar ta førarkortet. Noreg er det mest trafikksikre landet i Europa, og det er ikkje sikkert at dette betrar trafikktryggleiken her, slik det kanskje gjer i land som har dårlegare føraropplæring enn oss, seier pressesjef Christoffer Solstad Steen til NRK.