Ber folk vera forsiktige på isen

Røde Kors ber folk vera ekstra forsiktige før dei går ut på isen. Is kan sjå trygg ut, men likevel vera tynn eller svak – særleg når vêret skiftar.

– Er det sånn at du er usikker, er det heilt sikkert at du ikkje skal ut på isen, seier kommunikasjonsrådgivar Bjørn Hjalmar Andersen i Vestfold og Telemark Røde Kors til NRK.

Han seier det er viktig å kle seg godt og ha med ispiggar. Då er det lettare å komma seg opp viss isen plutseleg skulle sprekka.

Eit anna råd er å sjekka isen før ein går ut. Det kan vaksne gjera ved å bruka eit bor for å måla kor tjukk isen er.

– Om han er 10 centimeter eller meir, byrjar det å hjelpa, seier Andersen.

Viktig for barn

Barn bør alltid vera saman med ein vaksen når dei er på eller nær isen. Det er dei vaksne som skal vurdera om isen er trygg nok.

Dette bør du hugsa:

  • La vaksne sjekka isen først.
  • Gå ikkje ut på isen om du er usikker.
  • Ha alltid med ein vaksen.
  • Bruk varme klede.
  • Ha med ispiggar.