I Amazonas i Peru har bier fått juridiske rettar. Det er dei første insekta i verda som får det, skriv The Guardian.
I Peru bur det minst 175 artar av broddlause bier. Broddlause bier er den eldste bie-arten vi kjenner på jorda.
I staden for å stikke, bit biene for å forsvare seg. Men det hjelper ikkje å bite for å forsvare seg mot forureining, tap av leveområde og endra klima. Då treng insekta hjelp frå menneske, og det er det dei prøver på i Peru.
Nye lover i delar av Peru gir biene rett til å eksistere og trivast i eit miljø som ikkje er helseskadeleg for dei.
Lovene kan mellom anna føre til at det blir brukt mindre plantevernmiddel, eller at det blir planta skog der han før har blitt øydelagd.
Les også: Panama gir skjelpadder juridiske rettar























