Fakta: Pepperkakebyen i Bergen blei knust
- Natt til 22. november 2009 øydela ein ung mann store delar av den kjende Pepperkakebyen i Bergen.
- Over 600 små hus laga av barn, familiar og barnehagar blei knuste.
- Politiet fann raskt ut kven som stod bak. Mannen var lei seg og sa unnskyld. Han fekk bot og måtte møte i konfliktråd.
- Heile byen samla seg for å bygga opp Pepperkakebyen igjen – endå finare enn før!
Korleis fekk du ideen til Mysteriet i Pepperkakebyen?
I 2009 skjedde det to ting. Det eine var at eg hadde skrive eit lite teaterstykke som handla om førsjulshysteriet. Samtidig vart Peparkakebyen i Bergen knust, og det skapte sterke reaksjonar i både Bergen og elles i landet. Politiet var på saka og prøvde å finna ut kven som hadde gjort det. Dei fann ut at det var ein ung mann som hadde vore på fest. Han var frykteleg lei seg og angra veldig.
I tillegg er eg veldig oppteken av fantasi. Og kva gir vel meir rom for undring og fantasi enn ein peparkakeby?! Kven bur der? Kva held dei på med? Kven er dei? Summen av desse elementa klaffa med at eg på den tida ønskte å skriva ein julemusikal – utan nissar. Og sånn vart Mysteriet i Pepperkakebyen skapt. Den hadde premiere i byrjinga av desember i 2010, og vart ein stor suksess. Musikalen vart òg spelt i 2011 og 2017, og fekk strålande kritikkar og hadde fulle hus.
Kva handlar boka om?
Dette er ein slags førjulskrim for heile familien, litt sånn Agatha Christie møter Peparkakebyen. Bakarmeister Bake har bakt det største peparkaketreet nokosinne, det blir sett opp på Stortorget, og skal feirast med ein stor byfest for både små og store. Same natt blir treet knust. Gamle MulkeMonsen er ein kjend surpomp i byen, og blir utpeika som skuldig.
Men frøken Pomerans, Peparkakebyens svar på miss Marple, løyser gåta saman med vesle Tusseladden. Det er ei slik «kven har gjort det»-historie med ein spennande tvist, der alle dei mistenkte samlast på slutten. Og det viser seg at ikkje alt er som ein trur.

Korleis reagerte du då du fekk vita at nokon hadde øydelagt Peparkakebyen i 2009?
Alle var like sjokkerte, trur eg. Og til liks med alle andre syns eg det var utruleg trist. Kven gjer sånt liksom? Og kvifor?
Kvifor ville du skriva ei bok som skjer i jula?
Eg er eigentleg veldig glad i jula, men rundt 2009 då eg skreiv historia, var eg veldig oppgitt, og synest jula berre var stress og mas og kjøpepress. Eg hadde lyst å skriva ei historie som kunne få fram andre sider ved jula. Historia handlar òg mykje om korleis me behandlar kvarandre, særleg når noko dramatisk skjer. Om korleis me reagerer når ei krise oppstår. Og ikkje minst om at skinnet kan bedra, det vil seia at alle, både menneske og peparkakefolk har meir ved seg enn det ein først kan få inntrykk av.
Kva var det kjekkaste med å skriva Mysteriet i Pepperkakebyen? Var det ei viss scene, ein karakter eller ein «twist» i mysteriet du vart ekstra stolt av?
Oj, vanskeleg, eg synest eigentleg det var veldig kjekt å skriva sånn heilskapleg. Det var ganske lett å skriva, og eg er stolt av historia slik ho vart. Men eg er kanskje ekstra stolt over at ingen så langt har gjetta kven som er skuldig i å knusa treet. Og hugs at musikalen er sett av 10–12 000 menneske, i tillegg til alle som no har lese og les boka.
Du har jo laga Mysteriet i Pepperkakebyen som både musikal og bok – kva er forskjellen på å fortelja historia på scena og på papir?
På scena viser jo skodespelarane handlinga, og publikum ser scenebiletet og korleis alt ser ut. I ei bok må alt skildrast, slik at lesaren kan skapa sine eigne bilete når ein les. I eit teatermanus skriv ein replikkane til dei ulike karakterane etter kvarandre, og litt av handlinga og karakterane sine reaksjonar i parentes. Dette må skrivast sånn at bokteksten flyt og ikkje blir ei oppramsing. Det er vanskeleg, men veldig gøy. I tillegg har eg måtta omformulera innhaldet i songane sånn at det blir skrive meir som handling. Og i boka er det bilete som skal utfylla teksten, sånn at ikkje tekst og bilete fortel det same. Der har illustratør Martin Norell og eg samarbeidd fantastisk bra, og hatt det veldig gøy saman når me har jobba med det.

Kva likar du sjølv best med jula?
Eg liker best adventstida. Den tida når ein fyller hus og gater med lys og farge. Og forventninga. Julaftan synest eg ofte er litt nedtur, for då er jo alt nesten over.
Kva håpar du at lesarane skal kjenna når dei les boka?
Eg håper dei skal synest det er kjempespennande, men også føla med karakterane. Fleire av dei gir inntrykk av å vera «sånn!», folk har eit bilete av dei, men så er det mykje som skjuler seg på innsida, og som forklarer kvifor dei er som dei er og gjer som dei gjer, akkurat som oss menneske. Det håpar eg at lesarane kan ta med seg.
Har du sjølv vore med på å byggja ein peparkakeby?
Nei, faktisk ikkje.
Stemmer det at boka skal bli film? Viss ja – kva tenkjer du om det?
Det blir snakka om eit filmprosjekt, men det er ikkje mitt, det er heilt uavhengig av denne boka og historia mi. Sjølv har eg kjempetru på at historia mi ville eigna seg enormt godt som film, og eg har ein stor draum om at det kan skje ein eller annan gong. Det er faktisk fleire år sidan eg skreiv om teatermanuset til filmformat, så tanken, draumen og planen har allereie levd eit stykke tid. Så får me sjå kva tida vil visa.























