Tenk om du kunne bli ung igjen kvar gong du vart sjuk eller sliten? Det høyrest umogleg ut – men for ei lita manet i Middelhavet er det heilt vanleg. Maneta heiter Turritopsis dohrnii, men blir ofte kalla den udøyelege maneta.
Ei bitte lita manet
Maneta er veldig lita – berre rundt fire til fem millimeter i diameter, omtrent som ein nagl. Kroppen er gjennomsiktig og forma som ei klokke, med ein liten raud prikk i midten som er magen. Rundt kanten har ho mange tynne trådar, kalla tentaklar, som ho bruker til å fanga bitte små plankton. Vaksne maneter har mellom 80 og 90 tentaklar, medan dei unge berre har åtte til tolv, ifølgje Encyclopaedia Britannica.
Spolar livet bakover
Dei fleste maneter lever kort. Først er dei ein larve, så veks dei til polyppar (små røyr som sit fast på steinar under vatn), og til slutt blir dei meduser – det me vanlegvis kallar maneter. Etter ei stund døyr dei.
Men Turritopsis dohrnii har ei heilt spesiell evne. Når ho blir svolten, skadd eller gamal, kan ho gjera det motsette av å døy: ho går bakover i utviklinga. Den vaksne maneta blir forvandla tilbake til ein polypp og byrjar på nytt.
Forskarar kallar dette for transdifferensiering. Det betyr at cellene i kroppen endrar seg frå éin type til ein annan. Det er nesten som om ein sommarfugl plutseleg skulle vorte ein larve igjen.
Kan ho leva evig?
I teorien kan den udøyelege maneta gjenta denne prosessen mange gonger – og dermed aldri døy av alderdom. Men i røynda blir dei fleste etne av fisk, svoltne skjelpadder eller andre maneter lenge før dei får prøvd seg mange gonger.
Derfor er ho ikkje heilt udøyeleg – men biologisk sett er ho «potensielt udøyeleg», fordi ho kan reversera aldring.
Forskarar studerer maneta for å forstå korleis celler kan reparera seg sjølve. Kanskje kan det ein dag hjelpa menneske med å bli friske frå sjukdommar eller forlengja livet.
Video øvst i artikkelen: Natural History Museum





















