Ukrainske Yana måtte flykte – no hjelper ho andre barn

Yana (11) måtte flykte då Russland angreip heimbyen Mariupol i Ukraina. No bur ho i hovudstaden Kiev, der ho hjelper andre barn som også har flykta frå heimane sine.

Namn: Yana Kryvosheieva

Alder: 11 år

Kjem frå: Mariupol i Ukraina

Bur i: Kiev, hovudstaden i Ukraina

Familie: Pappa Mykola, mamma Olga og storebror Sasha (23 år)

Favorittfag: fysikk

Favorittmusikk: den ukrainske songaren Artem Pyvovarov

Hobby: dans og teikning

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er livleg støy i eit rom i Kiev. Om lag femten barn er i gang med å lage små, runde kunstverk av modelleire og papir. Yana Kryvosheieva går rundt og viser barna kva dei skal gjere. Ho jobbar som frivillig for organisasjonen Litay. Organisasjonen hjelper kvinner og barn som har flykta frå heimane sine på grunn av krigen i Ukraina.

– Dette er min måte å hjelpe Ukraina og barna som lid på grunn av krigen, seier Yana.

VISER AKTIVITETAR: Yana er internflyktning i Kiev. Der har ho aktivitetar for andre barn som har flykta. Foto: Bengt Sigvardsson

Måtte flykte over åker

Yana blei sjølv tvinga til å flykte frå heimbyen sin Mariupol 24. februar 2022. Det var same dag som Russland angreip Ukraina. Harde kampar braut ut i Mariupol, og byen blei bomba. Familien til Yana flykta i bilen deira.

Pappa måtte køyre over ein åker for at vi skulle komme ut av byen. Vi kunne berre ta med oss hunden vår, Simba, katten vår, Marik, og to posar med klede. Eg var kjemperedd, men vi var heldige som klarte å flykte. Den neste dagen kunne ingen forlate byen, fortel Yana.

MÅTTE FLYKTE I UKRAINA: Yana flykta frå heimbyen Mariupol i byrjinga av 2022. Foto: Bengt Sigvardsson

Fekk hjelp av organisasjon

Då familien kom til Kiev, hjelpte ein organisasjon dei med å finne ein stad å bu, mat, klede og anna som dei trong. Organisasjonen arrangerte til og med leikar og utflukter for Yana og andre barn.

Det var viktig for meg å kunne gjere noko kjekt då livet var vanskelegast. No vil eg gjere det same for andre barn, seier ho.

DELER UT TIL FLYKTNINGAR: Mange internflyktningar har blitt fattige. Derfor deler Yana ut medisinar, snop, klede og anna som dei kan trenge etter aktivitetane på Litay. Foto: Bengt Sigvardsson

Aktivitetane får barna til å gløyme det fæle

Yana har vore frivillig i om lag eitt år. Ein til to gonger i veka leier ho aktivitetar for yngre barn. Denne dagen har ho undervist dei i vassfargemåling.

Barna set pris på aktivitetane. Men Kiev blir angripe nesten dagleg av dronar, missil og granatar.

Eg trur ikkje at barna har det bra, men aktivitetane får dei til å slappe av og gløyme det fæle ei stund. Dei er glade og har det gøy når dei er her, meiner Yana.

YANA SINE AKTIVITETAR FÅR BARNA TIL Å SLAPPE AV: Å teikne, forme med modelleire og anna gøy får barna til å gløyme krigen ei stund. Foto: Bengt Sigvardsson

Har nøklane til leilegheita i Mariupol

Sidan krigen starta har 6,9 millionar ukrainarar forlate landet. Samtidig har 3,7 millionar menneske flykta frå dei verste krigssonene til andre stader i Ukraina, for eksempel til Kiev. Menneske som er flyktningar i sitt eige land, blir kalla for internflyktningar.

Det er ok å bu i Kiev, men eg treivst betre i Mariupol. Byen ligg rett ved Svartehavet og har også eit fantastisk teater. Her finst det ikkje noko hav, seier Yana.

Mariupol er no okkupert av Russland. Ingen av slektningane til Yana bur lenger i byen. Ho har nesten ingen kontakt med vennane som bur der.

– Men eg veit at leilegheita vår i Mariupol ikkje er øydelagd. Eg har tatt vare på nøklane til leilegheita, men eg vil ikkje bu der igjen. Byen har jo blitt bomba i stykke, og Russland seier det er deira by, fortel Yana.

NØKLANE TIL HEIMEN HO FLYKTA FRÅ: Yana har framleis nøklane til leilegheita i Mariupol, men ho trur aldri ho kjem til å reise tilbake. Foto: Bengt Sigvardsson

Flyalarmen går ofte om nettene

I Kiev bur Yana med mamma, pappa, hunden og katten i ei leilegheit i tredje etasje. Ho trivst der og har eit eige rom.

Men eg blir alltid like redd når Russland bombar Kiev, seier ho.

Angrepa skjer ofte om nettene. Då byrjar flyalarmen å ule, og alle må springe til eit tilfluktsrom.

For ei stund sidan blei taket på bygget Yana bur i, treft av ein granat.

Dei øvste leilegheitene blei øydelagde, og alle vindauge i bygget knuste, men vi hadde allereie komme oss til tilfluktsrommet då det small, fortel Yana.

«Tilfluktsrommet» er ein t-banestasjon eit stykke frå bygget ho bur i.

– Eg og mamma pleier å øve på kor raskt vi kan komme oss dit. Eg har sprunge dit på fire minutt, men vi pleier å køyre dit når det er flyalarm fordi mamma har vondt i beinet, seier Yana.

Av og til varer angrepa i fleire timar.

Då er mange barn heime frå skulen neste dag. Dei har ikkje sove på natta og er trøytte. Men eg går nesten alltid på skulen. Eg prøver å sove når eg er i tilfluktsrommet, seier ho.

I TILFLUKTSROMMET: Kiev blir ofta bomba om nettene. Då må Yana og familien søke tilflukt på t-banestasjonen. På bildet ser vi Yana sove under eit angrep, saman med hunden Simka og mora Olga. Foto: Bengt Sigvardsson

Håper at krigen snart tar slutt

Yana går i sjette klassen. Skulen ligg i gåavstand frå heimen hennar.

Eg har fått mange nye vennar på skulen, men eg synest ikkje det er veldig gøy å pugge. Vi får heldigvis ikkje så mykje lekser. Etter skulen og i helgene pleier eg å lære engelsk med vennar, gå på teiknekurs og ta dansetimar, seier Yana.

Foreldra til Yana har fått jobbar i Kiev, og familien har ingen planar om å forlate Ukraina. Dei håper at krigen snart tar slutt.

I framtida vil eg besøke USA, men eg vil bu i Ukraina. Draumen min er å bli advokat når eg blir vaksen, avsluttar Yana.

HJELPER ANDRE: Yana gir Sofia Bunaziv (5) tips om korleis ho kan lage kunstverk av modelleire. Foto: Bengt Sigvardsson