Sør-Korea og Nord-Korea
Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig. Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord-Korea og Sør-Korea, men ein fredsavtale er enno ikkje signert.
I fleire år har Sør-Korea og Nord-Korea sendt ballongar over grensa dei deler.
Sørkoreanske aktivistar har festa ting som brosjyrar som oppfordrar til opprør mot nordkoreanske myndigheiter, kjeks og minnepinnar med forboden k-pop til ballongane. Nord-Korea har svart med å sende brosjyrar, men også søppel, tilbake.
Les også: Nord-Korea sende ballongar med søppel til Sør-Korea
Denne ballongkrigen skal det no bli slutt på. Ifølge nyheitsbyrået Yonhap blei ei lov i Sør-Korea endra på tysdag. No er det forbode å sende ballongar over grensa til nabolandet.
Målet er å betre forholdet til Nord-Korea.






















