Siger: Noreg skal vidare til VM

Italia hadde aldri før tapt ein kvalifiseringskamp på heimebane før Noreg slo dei sundagskvelden. No skal Noreg til VM.

Noreg var så godt som garantert ein plass i VM, men sigeren mot Italia stadfesta plassen.

Kan bli tre VM på rad

Sist gong Italia kvalifiserte seg til VM, var i 2014. Det er ikkje like lenge sidan som Noreg, som ikkje har vore med sidan 1998. I 1998 vart Noreg slått ut av Italia i 8.-delsfinalen.

Men kampen sundagskvelden sikra Noreg plassen til sitt første VM på 27 år, og Italia står i fare for å ikkje bli med i sitt tredje VM på rad. Det italienske laget skal vidare til andre runden, eller «play-offs», der dei har ein ny sjanse til å kvalifisere seg til VM.

Når VM startar

Vi veit endå ikkje kva slags lag Noreg vil møte i første runde av VM til sumaren. Vi veit heller ikkje om Noreg vil spele i Mexico, USA eller Canada.

Målet er at dei første gruppespela vil bli sett saman av lag frå dei ulike kontinenta. Men sidan det er så mange lag frå Europa, er det tillate med maks to lag frå Europa i same gruppa.

I tillegg blir laga sorterte utifrå kor godt dei gjorde det under kvalifiseringsrunden. Sidan det er tre land som samarbeider om å arrangere VM i 2026, vil det vere 48 lag med, i staden for 32, som er det vanlege.