Fotball-VM kan få fleire lag | Framtidajunior.no

Fotball-VM kan få fleire lag

POSITIV: Ifølge avisa skal FIFA-president Gianni Infantino ha sagt at «forslaget har blitt positivt motteke». Foto: AP Photo / Pamela Smith

Grunnen til utvidinga er at FIFA vil markere at VM er 100 år gammalt. Den første meisterskapen vart arrangert i 1930, skriv avisa New York Times.

Ifølge avisa skal FIFA-president Gianni Infantino ha sagt at «forslaget har blitt positivt motteke».

Stor meisterskap

I VM i 2022 var det 32 lag, i 2026 blir det 48 lag – og no kan det altså bli endå fleire.

Meisterskapen i 2030 skal spelast i Marokko, Portugal og Spania. Nokre kampar skal òg gå i Argentina, Paraguay og Uruguay.

Kva meiner du?

58 svar

Klippe av deg håret, eller kysse ei ku?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir