Barnas klima- og miljørapport
Rapporten er basert på ei undersøking gjennomført av Opinion på vegner av Miljøagentane, og på innspel samla inn frå barn og unge i Noreg.
I undersøkinga blei 537 barn og unge mellom 8 og 16 år stilt spørsmål om deira forhold til klima- og miljøutfordringar.
– Viss eg ser på nyheitene, og eg ser at det skjer mykje, for eksempel konflikten i Sudan no. Det får eg mykje opp på TikTok, som VG. Då kan det få meg til å få eit syn på kvardagen som ikkje var der, seier Jonah Paalssønn Sandanger (13).
Jonah er ein del av Barnas klimapanel. Dei lanserte nettopp Barnas klima- og miljørapport. Der har barn blitt spurde i kva grad dei bekymrar seg for ulike utfordringar verda står overfor.
72 prosent svarar krig og uro i verda.
28 prosent svarar at dei er «svært bekymra», og 44 prosent at dei er «ganske bekymra». Berre 4 prosent svarar at dei er «svært ubekymra» for krig og uro i verda.

Krigen i Sudan
Borgarkrigen i Sudan, som Jonah har fått med seg i nyheitene, er ei av dei største humanitære krisene i verda. I 2023 byrja regjeringsstyrkar og ei opprørsgruppe å kjempe om kontroll over det afrikanske landet.
Titusenvis av menneske er blitt drepne, og millionar har måtta flykte frå heimane sine, skriv FN.
Sjølv om Jonah kan tenke på det når han får opp nyheiter om krig, er det likevel ikkje noko som påverkar kvardagen hans til vanleg.
Trump-uro
Etter krig og uro, er det plastforsøpling i havet barn svarar at dei bekymrar seg mest for. 66 prosent er uroa for dette.
58 prosent er uroa for Trump og utviklinga i USA.
«Utviklinga i USA er ein trussel for alle oss unge, som må vekse opp i ei verd med betydeleg mindre håp om ei trygg og grøn framtid. For kvar dag som går, kjem vi nærmare ei framtid med meir ekstremvêr og uro, skriv Barnas klimapanel i rapporten.
Dei trekker fram at Donald Trump på sin første dag som president varsla at han trekker USA ut av Parisavtalen for andre gong. Parisavtalen er ein avtale der nesten alle land i verda har blitt einige om å gjere noko med klimaendringane.
Klimakrise og konflikt
Rosalind Ghafoor Bjerkeland (14) i Barnas klimapanel peikar på at krig og konflikt og klimakrisa heng tett saman.
– Viss klimakrisa eskalerer, så blir det meir krig og uro. Vi må tenke på å rasjonere, vi må tenke på pengar, vi må tenke på land. Og alle problema som folk er urolege for, kjem berre til å bli forsterka viss klimaendringane – når klimaendringane – eskalerer, seier ho.
FN skriv at klimaendringar bidreg til svolt og fattigdom. Ifølgje ein ny FN-rapport har 250 millionar menneske blitt fordrivne på grunn av klimakatastrofar dei siste ti åra.

Også Jonah tenker meir på klimaendringane.
– Eg pleier kanskje å tenke litt på det før eg legg meg, og når eg ser bilete i avisa. Eg tenker ikkje på det kvar dag, men eg tenker på det når eg blir mint på det.
Denne saka er ein del av prosjektet «Krig og fred» til Framtida Junior, og er støtta av Fritt Ord.





















