Tre finalistar kjempar om Ibelinprisen

Tre ungdommar er att i finalen om den aller første Ibelinprisen – ein pris som hyllar gode rollemodellar innan gaming.

Medietilsynet har no avslørt at Ragna Kjønås Rennehvammen (18), Robin Garberg Hagen (16) og William Rømma (14) er dei tre finalistane.

Prisen blir delt ut 12. november i Fredrikstad, og vinnaren får ein statuett av reven til Mats «Ibelin» Steen.

Namnet «Ibelin» kjem frå gamaren Mats Steen som brukte «Ibelin» som namn på karakteren sin i spelet World of Warcraft. Mats var fødd med ein sjukdom som til slutt enda med at musklane i kroppen hans braut ned til han ikkje lenger kunne leva. Sjukdomen heiter Duchennes muskeldystrofi.

Juryen blir leia av faren til Mats, Robert Steen.

– Dei tre finalistane har utmerkt seg ved å skapa tryggleik og inkludering i gamingmiljøa sine. Det er imponerande, seier Steen.

Også fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten, trekkjer fram korleis prisen allereie løftar fram gode førebilete i norsk spelkultur.

Stolte finalistar

Dei tre finalistane er alle stolte av å vera nominerte og å ha vorte plukka ut til finalen. Alle uttrykkjer stor takksemd overfor miljøet dei bruker så mykje av si tid på.

Ragna Kjønås Rennehvammen (18):

Foto: Medietilsynet

– For meg å vera nominert til Ibelinprisen, det betyr eigentleg såpass mykje at eg ikkje kan setja ord på det, fordi gaming for meg er rett og slett mitt liv. Eg håpar eg kan vera ein motivasjon for ei eller anna jente der ute, seier Ragna.

Robin Garberg Hagen (16):

Foto: Medietilsynet

– Rubinen er den første staden der eg føler at eg fann min plass. Eg er ein forkjempar for at det er betre å møta folk i røynda, men om det ikkje går, så må det finnast alternativ. Her fekk eg ansvar, og fekk vist at eg fekk til noko. Det viktigaste for meg er at folk kjenner seg velkommen. Same kven dei er, skal dei vita at dei høyrer til her, seier Robin.

William Rømma (14):

Foto: Medietilsynet

– Eg bruker erfaringa mi frå å vera engsteleg og åleine til å skjønna korleis folk har det. Gaming er gøy å halda på med, og eg kan vera med vennene mine sjølv om me ikkje er på same stad. Då eg fekk e-posten, vart eg heilt sett ut. Eg trudde aldri eg skulle komma så langt. Det betyr mykje, fortel William.

Vinnaren får gamingutstyr, ein statuett og 50 000 kroner til klubben sin. Prisutdelinga blir strøymd på Medietilsynets nettsider og Ibelinprisen.no.