Vassbjørnane er dei tøffaste dyra i verda

Desse dyra kan overleva i is, varme, stråling – og til og med i verdsrommet.

Dei blir kalla vassbjørnar, og ser ut som små, klumpete bjørnar med åtte bein og klør. Dei er ikkje større enn eit sandkorn – og likevel kan dei overleva nesten alt.

Ifølgje National Geographic Kids kan vassbjørnar overleva nesten overalt på jorda – frå toppen av Himalaya-fjella til botnen av havet, og frå dei kaldaste områda i Antarktis til dei varmaste stadene som varme kjelder og vulkanar.

Små, men utruleg seige

Ein vassbjørn er berre rundt ein halv millimeter lang. Den lever i vatn, i mose og på steinar, og et små planterestar og algar.

Når det blir for tørt eller for varmt, rullar vassbjørnen seg saman til ein liten ball. Denne tilstanden blir kalla kryptobiose, og betyr at kroppen nesten stoppar heilt opp. Stoffskiftet – altså kor fort kroppen bruker energi – blir senka til berre 0,01 prosent av det normale.

I denne dvale-liknande tilstanden kan vassbjørnen leva i fleire tiår utan vatn. Når det igjen blir fuktig, vaknar den til liv som om ingenting har skjedd.

Overlevde i verdsrommet

I 2007 sende forskarar vassbjørnar ut i verdsrommet. Dei tolte både kulde, stråling og vakuum. Vakuum er eit tomrom utan luft eller trykk.

Ifølgje National Geographic Kids er vassbjørnar dei første kjende dyra som har overlevd å bli utsette for verdsrommet. Det gjer dei til nokre av dei mest motstandsdyktige skapningane me kjenner.

Levande i millionar av år

Forskarar trur vassbjørnar har eksistert i rundt 600 millionar år – lenge før dinosaurane. Dei har overlevd fleire masseutryddingar på jorda.

Likevel er dei ikkje heilt udødelege. Dei kan bli etne av små rundormar, amøbar og til og med andre vassbjørnar.