Jenteprisen
Jenteprisen blir delt ut til personar eller organisasjonar som har gjort ein viktig innsats for jenters rettar og likestilling.
Prisen blir delt ut på FNs internasjonale jentedag, 11. oktober.
Plan International Norge har delt ut Jenteprisen årleg sidan 2012.
Ein versjon av denne saka vart først publisert på Framtida.no, søsteravisa til Framtida Junior.
– No har det nettopp vore stortingsval i Noreg. Sjå for deg at det er eit parti som vinn valet, som stenger ned jenteskular, rett og slett.
Slik skildrar Ayesha Wolasmal (37) korleis kvardagen for jenter i Afghanistan brått vart endra, då Taliban tok over makta i 2021.

Taliban er ei islamistisk rørsle som styrer i det vestasiatiske landet. Etter at dei tok kontroll over Afghanistan, har dei tatt frå jenter mange rettar. Jenter får ikkje gå ute som dei vil og kvinner får ikkje ta del i politikken.
Det mest katastrofale, meiner Ayesha er utdanningsforbodet. Jenter får ikkje gå på skulen lenger enn til sjetteklasse.
– Det er jenter frå sjuandeklasse og opp som gret seg i søvn kvar kveld fordi det dei hata med skulen, er det dei saknar mest no. Dei vil ha lekser, dei vil kome seg til eit klasserom, fordi dei blei fråtekne den grunnleggjande retten over natta, fortel ho på telefon til Framtida Junior.
Synleg endring
Ayesha er fødd og oppvaksen i Oslo, men foreldra er frå Afghanistan. Ho kjenner difor landet godt og har vore der mykje. Ho har jobba på den norske ambassaden, og arbeider med kvinne- og barnehelse i Afghanistan.
I fjor gav Ayesha ut ei bok der ho skriv om kva som skjedde i landet etter at Taliban kom til makta. No har ho fått Jenteprisen for arbeidet sitt for jenter og kvinners rettar i Afghanistan.
Ayesha fortel at det var utfordrande å vere jente i Afghanistan også før Taliban. Afghanistan har vore prega av krig og konflikt i lang tid.
Men i storbyane hadde ein sett ei utvikling dei siste 20 åra.
– Bybiletet var dominert av jenter i alle aldrar og kvinner på universitet som gjekk til og frå utdanningsstadane. No ser ein jo ikkje det lenger.

– Ekstremt urettferdig
Martine Folkestad (17) er medlem i URO, ungdomsgruppa til Plan International Norge, og har sete i juryen til årets Jentepris. Ho er opprørt over situasjonen for jenter i Afghanistan.

– Det er absolutt ikkje sånn som det skal vere. Det er verkeleg eit behov for å løfte situasjonen, og få hjelp til dei. Vi vil jo at alle skal kunne ta utdanning og kunne gjere det dei vil med livet sitt. Det er ekstremt urettferdig, seier ho på telefon til Framtida Junior.
17-åringen håpar at Jenteprisen kan bidra til å løfte vinnarens arbeid.
– Det er vanskeleg å sitje her og skulle gjere noko, men sånn som Ayesha Wolasmal, så har ho sagt sitt og stått stødig på det. Ho har gjort folk meir oppmerksame, og det er veldig bra.






















