Guinness rekordbok for 2026 er på plass i bokhandlarane, og det er 70 år sidan første bok kom ut.
Dette feirar dei med å ha med tips til korleis barn kan gå fram for å setje sin eigen rekord.

Boka er ei av dei mest selde barnebøkene i Noreg kvart år.
Norske rekordar
Det er fleire nye rekordar som viser til Noreg. I nokre av dei er det nordmenn som har tatt rekorden, i andre er rekorden tatt i Noreg.
Jakob Ingebrigtsen har sett beste tid på ei engelsk mil innandørs. Éi engelsk mil er 1609 meter. Ingebrigtsen brukte 3 minuttar 29 sekund og 63 hundredels sekund på distansen.
Polske Paweł Durakiewicz sette rekorden for raskaste til å springe eit maraton berrbeint på is og snø. Eit maraton er nesten 42,2 kilometer langt. Han brukte 4 timar, 57 minuttar og 54 sekund på distansen.

Eigen fotballversjon
27. oktober i haust vil òg ei fotballutgåve av Guinness World Records vere tilgjengeleg for sal.
Framtida Junior får vite av seniorredaktør Ingrid Eia Ryvarden at utgåva vil ha ei dobbeltside dedikert til Erling Braut Haaland. Han har ein del rekordar, mellom anna flest mål i éin Premier League-sesong.
Nyleg tok han òg verdsrekord som den første til å nå 50 mål i Champions League. Denne rekorden kom diverre etter at dei nye rekordbøkene var gått i trykken, og er ikkje med i desse utgåvene.
