Statsbudsjettet er ein plan på kor mykje pengar Noreg skal bruke i løpet av eit år. Her planlegg regjeringa alt frå kor mykje pengar Noreg skal tene, til kor mykje pengar vi skal gi til andre saker, som Ukrainakrigen.
For at denne planen som regjeringa har lagt fram skal bli godkjent, må over halvparten av dei som sit på Stortinget like planen og stemme for den. Først då vil det bli godkjent som planen for 2026.
1 prosent går til internasjonal bistand
For regjeringa er det eit mål at pengane som blir gitt til bistand skal utgjere éin prosent av alt Noreg tener av pengar. Dette er Noreg si inntekt.
I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa gi over 56 milliardar kroner i bistand. Det er éin prosent av Noreg si inntekt, så dei når målet akkurat.
Av desse 56 milliardane, skal 50 milliardar gå til internasjonal bistand.
Globale sør mistar støtte
Forslaget for 2026 er 1,4 milliardar kroner mindre enn det var for 2025. Spire, ein stor miljø- og utviklingsorganisasjon i Noreg for unge, poengterer at pengemengda vert oppretthalde mest grunna auka støtte til Ukraina.
Spire ser at støtta i det globale sør blir hardt ramma av dei nye planane.
– Regjeringa kastar seg i praksis på bølgja av bistandskutt til det globale sør med dette budsjettforslaget. Dei blir allereie hardt ramma av klimaendringar som Noreg har vore med på å skape, og no blir dei heilt svikta i bistandsbudsjettet også, seier leiaren av organisasjonen, Thea Birgitte Erfjord.